Hopp til innhold

Bente fekk kreft og prolaps – berre éin ting fekk ho opp av senga

Ho var sengeliggjande med alvorleg sjukdom i lang tid. Så kom konkurransen som gav henne ein grunn til å stå opp.

Bente Gundersen tømmer fuglemat oppi en fuglemater hun har lagd av en gammel lampe og tekopper. Fuglemateren har hun hengt opp i et tre.

KREATIV: Når Bente Gundersen får ein ide om å skape noko, klarer ho nesten ikkje tenkje på noko anna.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg klarte ikkje svare på meldingar. Eg klarte ikkje røre meg. Eg låg rett ut og venta på at tida skulle gå.

Vi møter nordmøringen Bente Gundersen heime i huset hennar på Frei som ligg heilt for seg sjølv nede ved vasskanten.

Inne bognar det av gamle møblar og pyntegjenstandar. I tillegg finn ein garn, strikkepinnar, fullførte strikkeprosjekt og andre tekstil i alle krokar.

For det er det som er livet, meiner Bente. Ho elskar å vere kreativ.

Bente Gundersen sitter i sofaen og smiler bredt. Hun har på seg en kofte hun har strikket selv.
Foto: Roar Strøm / NRK

Den låge sola skin gjennom dei rutete vindauget og treffar Bente i ansiktet.

No kan ho sitje oppreist, men for ei stund sidan var det utenkjeleg.

Sjukdom og smertar

Det har vorte lite av kreative prosjekt heime hos nordmøringen i det siste.

I januar i fjor fekk ho påvist brystkreft. I mars same år vart ho operert, og ho måtte gjennom strålebehandling.

Men det var nakkeprolapsen ho fekk etterpå som gjorde ho sengeliggjande heile sommaren og hausten.

Eitt år seinare måtte ho gjennom ein ny operasjon. Prolapsen kom tilbake, og Bente vart sengeliggjande på nytt.

– Det har vore nokre smertefulle år.

Kreativiteten blomstra

Smertene gjorde at ho ikkje kunne gjere anna enn å liggje heilt stille i senga. Sjølv det å få i seg mat vart vanskeleg.

– Heldigvis kom mamma og pappa med middag til meg, seier ho.

Bente Gundersen sitter i godstolen og strikker.

Bente lagar mønsteret på alt ho strikkar sjølv. Det er spenninga om korleis resultatet blir som driv henne.

Foto: Roar Strøm / NRK

Så fekk ho ei melding om ein strikkekonkurranse.

Nordmørsmusea lyste ut ein strikkemønsterkonkurranse med temaet «Nordmørsmotiv».

– Eg vart veldig sint. Kvifor skulle han komme akkurat no, når eg ikkje kan vere med, sa ho til seg sjølv.

Likevel byrja tankane til den kreative dama å spinne. Ho klarte ikkje unngå det.

«Korleis skulle eg ha løyst denne oppgåva dersom eg kunne vorte med?»

Bente Gundersen heller fuglemat i fuglemateren hun har lagd av en gammel lampe og noen te-kopper.

Bente Gundersen har laga ein kreativ fuglematstasjon.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tok førsteplassen

Ei gammal bunadsbok med mønster frå Nordmøre vart mellom anna brukt som inspirasjon.

Til slutt kom ho seg opp av senga. Oppreist ved eit bord teikna ho strikkemønster med feil hand.

– Eg kan ikkje seie at eg spratt opp av senga, men det var ei glede å stå opp òg, seier ho.

Strikkekonkurranse Nordmøre

Bente teikna mønster og fekk ei venninne til å strikke det for seg.

Foto: Bente Gundersen

Ho fekk ei venninne til å strikke ut mønstera ho hadde teikna, og fleire plagg vart sendt inn som bidrag til konkurransen.

Det viste seg å lønne seg, for Bente stakk av med både første- og andreplassen.

Bente viser fram et av mønstrene hun har hentet inspirasjon fra.

Bente hentar inspirasjon frå ulike ting når ho designar strikkeplagg. Dette er mønster frå ei gammal bunadsbok.

Foto: Roar Strøm / NRK

Bente er langt frå den einaste som har brukt ein hobby eller lidenskap som terapi.

Vilde Nerås i Molde fortalde nyleg at ho strikkar for å takle det negative nyheitsbiletet, og Simen Holvik spring for å finne roa etter at han mista kona.

Jakob Linhave, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, seier at det er bra å ha ein meiningsfull hobby.

– Det å ha noko å halde på med som gir oss gode kjensler, eit prosjekt eller nokre mål som kjennest meiningsfulle, er bra for helsa.

Genserne som stakk av med både første og andreplassen.

– Det var veldig spennande at ein finn igjen mønstera heime hos folk over heile Nordmøre, seier direktør for Nordmørsmusea, Eigunn Stav Sætre.

Foto: Roar Strøm / NRK

Heildagsstrikking i januar

Førstepremien i konkurransen var absolutt ikkje målet til Bente, men ho innrømmer at det var litt stas likevel.

– Det er jo gøy ... Det at andre skal gå rundt med genseren eg har laga, det håpar eg mange vil, seier ho og ler.

Bente Gundersen sitter foran skapet som er stappfullt av fullførte strikkeprosjekter.

Plagga ho strikkar blir lagd vekk når dei er ferdige. I eit skap i gangen er fullt av fullførte prosjekt.

Foto: Roar Strøm / NRK

Bente fortel at ho ikkje har strikka spesielt mykje etter at plagga vart leverte inn til konkurransen.

– Eg hadde nok teke meg heilt ut, seier ho.

– Er du redd for at strikkegleda ikkje kjem tilbake?

– Nei ikkje endå. Eg har ei heil bok med mønster eg skal realisere. Så fort det blir januar, då blir det heildagsstrikking.

Bente Gundersen går mot den hvite katten sin som sitter i senga sammen med en koffert full av garn.

Garn finn ein overalt heime hos Bente. Strikking har lenge vore ein stor del av identiteten hennar.

Foto: Roar Strøm / NRK