Hopp til innhold

Vilde (26) har funne sin metode for å takle det negative nyheitsbildet

Hjelpeorganisasjonane opplever at fleire bekymrar seg for uroa ute i verda. Men Vilde Nerås har funne ein eigen teknikk for å lette på dei tunge tankane.

Vilde Nerås strikker ved Husfliden i Molde.

STRIKKING SOM TERAPI: Vilde Nerås i Molde seier hobbyen får henne til å kople av, og unngå tankekøyret som kan komme når ein les om nyheiter ute i verda.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Eg har funne terapien min via strikking. Det er ein måte å kunne slappe av på og finne roa, eigentleg, seier Vilde Nerås medan ho strikkar eit par selbuvottar.

Med det dystre verdsbiletet kan hausten vere ekstra tung og mørk for mange. Og det er erfaringa til ulike organisasjonar sine hjelpetelefonar, som ringjer konstant.

Då kan det hjelpe å ha ein hobby som får tankane over på noko anna.

Eg trur det er det som er det fine med strikking. Ein tenkjer ikkje så mykje. Ein blir så oppslukt i det ein held på med. Ein gløymer tid og stad, seier Nerås.

Bilde av at noen strikker.

Med strikkepinnane i hendene finn Vilde Nerås ro frå inntrykka frå omverda.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Mange er urolege

Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse, seier dei får fleire førespurnader knytt til uroa i verda no.

– Vi er i dialog med medlemsorganisasjonane våre, og veit at hjelpetelefonane deira ber preg av auka uro, fleire førespurnader, og der tema følgjer det som skjer i verda.

Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse

Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse.

Foto: Patrick da Silva Saether

Ho trur det heng saman med at krig har prega nyheitsbildet over lenger tid.

– Det er ein del som tek kontakt som også gjorde det då krigen i Ukraina starta. No får dei mange av dei same opplevingane og tankane knytt til det som skjer i Midtausten.

Ho kjem med fleire tips til dei som slit med vonde tankar og mykje uro i kroppen.

– Inne på noko veldig viktig

Carl-Axel Bang-Ellingsen er leiar for Kirkens SOS i Møre og Romsdal. Han bekreftar at også dei merkar at mange slit no i haust. Han hyllar hobbyen Nerås og andre tyr til.

Fleire burde gjere det same, om det er strikking eller andre ting. Eg trur dei er inne på noko veldig viktig. Eg er glad for å sjå at dei har funne denne måten.

Salgskonsulent ved Rauma Garn, Elisabeth Ward, står med fullt av fargerike garn i hendene og i hyllene rundt henne.

– Kundar seier at det er terapi i kvar maske. Folk knyter seg veldig til kvarandre i strikkemiljøet, seier Elisabeth Ward, salskonsulent ved Rauma Garn.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

På Rauma Garn erfarer dei at stor strikkeinteresse ofte heng saman med tunge tider.

Det gir folk så mykje å få skape noko. Det kan stoppe tankekøyr, at ein kan sitje og halde på med noko på eiga hand. Og at ein er produktiv og kan skape noko som kan vare.

Det seier Elisabeth Ward ved Rauma Garn. Bedrifta har produsert garn i over 90 år, og dagleg leiar Erling Digernes fortel at etterspurnaden har vakse det siste året.

Veldig mange ser på det som ein slags terapi. Dei finn det avstressande. Det gir dei ei ro, seier han.

Vilde Nerås sitter i en stol inne på Husfliden i Molde og strikker.

Vilde Nerås har funne måten sin å kople av på.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Les også Krig og konflikt preger nyhetsbildet: – Det gir meg lite håp

SKJERMDUMPER VG/NRK

Positiv effekt

Det er veldig mykje som går føre seg. Som ikkje er så bra. Mykje forferdeleg og triste ting som skjer i verda, seier Vilde Nerås.

Ho har funne sin måte å takle det på – sitjande i godstolen på Husfliden i Molde med strikkepinnar i hendene.

At handarbeid har ein positiv effekt på mental helse, det trur eg absolutt.

Ho oppmodar også andre til å finne sin metode for å kople litt av, anten det er strikking eller noko heilt anna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL