Hopp til innhold

Strikkar til dei minste små

Nokre av dei største mirakla i verda er ganske små. På verdsbasis blir eit av ti barn fødde for tidleg. I dag er det Verdas prematurdag.

Prematur baby

I dag er det Verdas prematurdag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Mange av dei fortidligfødte får ein tøff start på livet og treng ekstra hjelp, ikkje minst i form av varme og omsorg.

Amandaprosjektet strikkar til dei fortidlegfødte

Line Auren Fet har med klutar til dei små. Strengen på enden skal illustrere ein navlestreng.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Og det ønskjer deltakarane i Amanda-prosjektet å bidra med, og prematuravdelingar ved sjukehus landet over får huer, teppe, sokkar og vottar til dei aller minste. Dette er varer eller gåver som blir strikka av dei som er med i prosjektet.

– Behovet er der, seier Line Auren Fet, som er nestleiar i landsstyret til Amanda-prosjektet.

Har opplevd det sjølv

Ho fortel at mange av dei som strikkar sjølv har opplevd fortidlegfødslar på nært hald. Anten sjølv, i nær familie, vennekrets eller nabolag. Særleg blir det strikka teppe, fortel Auren Fet.

Sjølv engasjerte ho seg i første rekke fordi det er eit godt tiltak. Medan ho jobba på ein garnbutikk fekk ho utfordringa, og som ho sjølv seier beit ho på med jekslane.

Johanna Varjonen er mor til prematur jente og måtte bu på sjukehuset i Ålesund i fire månader. For henne betydde det mykje at folk kom og gav heimestrikka klede til dottera, som var berre 650 gram då ho blei født.

Kjærleg strikking

Engasjement for dei fortidlegfødte

Johanna Varjonen (t.v.) fekk ei dotter på berre 650 gram.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

– Det var søte, fine klede som ho trengde. At kleda var heimelaga viser også noko av den kjærleiken som låg bak.

Sjølv orka ho ikkje å bruke tid, krefter eller tankar på slike ting akkurat då, og er difor svært takksam mot dei som brukar tida si på denne måten.

Alle leverer

Line Auren Fet er bindeleddet mellom strikkarane og sjukehuset i Ålesund, og fortel at «alle» leverer strikkaklede til henne.

– Frå ungar på 6–7 år og til ei dame på 88 år som strikkar nesten eit par i døgnet. Frå henne får eg ein full pose med jamne mellomrom, og ei levering på 29 par skal eg ha med til sjukehuset i dag.

Mammaklutar til dei nyfødte

Mammakluten bli lagt inn til mors bryst, slik at dei får 'mammalukt' på seg.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

No får dei inn det dei treng, men så enkelt var det ikkje i starten. Men så seint som i sommar fekk dei ei kjempelevering, der Auren Fet måtte ha berehjelp. Også i dag, på Verdas prematurdag, har ho bilen full.

– Skulle eg hatt inn meir måtte eg brukt skoskei!

Verdas prematurdag

Saman med Johanna Varjonen og mange fleire blir dagen markert på prematuravdelinga. Då blir det ein kaffikopp og ikkje minst samtale med dei foreldra som går eller har gått gjennom ein fortidlegfødsel.

Og dei minste små kan nok rekne med å få overrekt nokre av strikkevarene som medlemmar i Amanda-prosjektet har brukt tid og kjærleik på å gjere i stand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL