Om lag 2 000 private husstandar var utan straum i sju timar frå i fem-tida.
Straumbrotet førte til at flytrafikken blei forseinka i dag tidleg, medan skulane på Vigra er stengde i dag.
Ifølgje informasjonsleiar Johan Kåre Tenfjord i Tafjord kraft var det røykutvikling i Gjøsund koplingsstasjon.
Gassutvikling som følgje av brannen gjorde at det kunne vere farleg å gå inn i stasjonen, og difor var det ei stund usikkert når feilen kunne bli retta.