Hopp til innhold

Straumbrot Aukra

  • Har fått tilbake straumen

    I Aukra har abonnentane både på Borg og Rabben fått tilbake straumen.

    På Borg var det feil på ein høgspentkabel. Her får abonnentane no straum frå eit aggregat.

    På Rabben var det ein sikring på ein transformator som var blitt slått ut.

    Lynnedslag var årsaka til begge feila.

  • Torever gjev straumstans

    Det er straumbrot i høgspentnettet i området Hukkelberg - Falkhytten i Aukra.

    Om lag 50 straumkundar er berørte av straumbrotet.

    Det er torever som er skuld i straumbrotet. Mannskap frå Istad Nett er no i sving på nettstasjonane Borg og Rabben for å syte for at straumen kjem attende.