Hopp til innhold

Stortingskandidat trua: – Er redd dei klarer å skremme folk til å trekke seg

Stortingskandidat Frank Sve (Frp) er vand med harde frontar og sterke utspel i politikken. Men for litt over ei veke sidan fekk han ein telefon som skremde den røynde politikaren.

Fylkesleiar i Frp, Frank Sve.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Frank Sve omtalar seg sjølv som ein intens politikar.

Han har vore aktiv i politikken i over 20 år. No er den tidlegare ordføraren i Stranda fylkesleiar og stortingskandidat for Framstegspartiet i Møre og Romsdal, nummer to på lista bak partileiar Sylvi Listhaug.

Han er vand med at folk ringjer. Slik får han både kjeft og skryt, fleire gongar i veka.

Men for litt over ei veke sidan fekk han ein telefon som han opplevde som skremmande.

– Det sette ein støkk i meg. Det var uhyggjeleg, seier Sve.

Mannen i andre enden av røret var roleg og presenterte seg med namn.

– Dette var ikkje ein hissigpropp, eller ein som hadde tatt seg ein dram for mykje. Han verka kalkulert. Gong på gong gjentok han «Du bør passe deg no»., seier Sve.

Når Sve spurte kva han bør passe seg for, fekk han ikkje noko svar. Mannen berre gjentok at han bør passe seg. Vidare nemner mannen stadar dei har møttest.

– Han ramsa opp: «Eg veit no kvar du bur, og eg ser no deg på ferjene no og då». Slik heldt han på, seier Sve.

– Ein trussel mot demokratiet

Politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen, seier at politiet ser alvorleg på truslar og hatefulle ytringar mot folkevalde.

– Det kan vere ein trussel mot demokratiet.

Ingar Bøen

Ingar Bøen er politimeister i Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Bøen kjenner til hendinga som Frank Sve opplevde, men vil ikkje kommentere saka på eit så tidleg stadium. På generelt grunnlag seier han at å beskytte ytringsfridommen og demokratiet er ei høgt prioritert oppgåve for politiet.

– Dei som torer å ha ei meining, også upopulære meiningar, skal vere trygge når dei deltek i samfunnsdebatten, seier Bøen.

Politimeisteren håpar at fokus på temaet får folk til å tenkje seg om. Han oppmodar alle som opplever truslar, hets eller hatefulle ytringar om å kontakte politiet.

– Om du er i tvil om noko er straffbart, ta kontakt. Vi kan vurdere lovlegheita, og kome med råd i ein slik situasjon, seier Bøen.

– Vil skremme folk ut av politikken

Frank Sve seier han blei redd av telefonane han fekk. No fryktar Frp-fylkesleiaren at hets og truslar hindrar rekruttering til politikken.

– Vi må ta tak i dette. Om vi som er røynde og hardhuda ikkje gjer det, korleis vert det då for nye som vil engasjere seg i politikk? Det bit ikkje på meg, eg toler det, men folk må få ei tydeleg melding om at slike ting ikkje er greitt, seie Sve

Han nemner episodar med hets og truslar mot politikarkollegaer som Lan Marie Berg og Sylvi Listhaug, og er opptatt av at dette ikkje skal bli normalisert.

– Eg er bekymra for rekrutteringa til politikken. Det verkar som truslane er meir målretta enn før. Det er folk som vil skremme meiningsmotstandarar ut av politikken, seier Sve.