Våpenbeslag på Sunnmøre
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Stort våpenbeslag på Sunnmøre

Oppsummert

Ein mann i 50-åra blei varetektsfengsla etter at politiet fann mellom 250 og 300 våpen heime hos han.

  • Dømt til 341 timar samfunnsstraff

    Ein mann i 50-åra frå Sunnmøre er dømt til 341 timar med samfunnsstraff for å ha oppbevart ei stor våpensamling ulovleg heime. I 2017 beslagla politiet 235 våpen heime hos mannen og i heimen til foreldra hans. Det er snakk om automatgevær, halvautomatiske pistolar, revolverar og hagler, i tillegg til 27 000 skarpe skot og 35 kilo krut. Mannen i 50-åra hadde ikkje våpenkorta for desse våpena, men har hatt våpenkort for andre våpen sidan han var 18 år. Foreldra til den dømde visste ikkje noko om at han hadde oppbevart ein del av våpena heime hos dei. Han tilstod alle forhold i retten.

    Våpenbeslag på Sunnmøre
    Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
  • Kan bli straffa for våpensamling

    Ein sunnmøring som har samla 235 våpen kan få fengselsstraff på 14 månader. Det melder TV2. I tingretten i dag sa mannen at har ei sterk interesse for våpen, men at han ikkje har tenkt over at han har gjort noko ulovleg. Mannen har nemleg ikkje registrert våpena sine. TV2 skriv at samlinga ifølgje politiet har ein verdi på over to millionar kroner. I tillegg hadde mannen lagra ammunisjon heime hos foreldra sine.

  • – Våpnene er fullt funksjonelle

    Politiet har fredag startet med prøveskyting av de mellom 250-300 våpnene som ble beslaglagt på Sunnmøre i oktober. Det melder TV2. – Så langt finner vi at våpnene er operative, og det er også i samsvar med hva siktede har forklart, opplyser politiinspektør Yngve Skovly til kanalen. Mannen i 50-åra som er siktet i saken ble fredag varetektsfengselt i en ny uke.

    Våpenbeslag på Sunnmøre
    Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK