Hopp til innhold

Stormfull nyttårsaftan i vente

Fredag og laurdag er det venta periodevis full storm frå sørvest i Møre og Romsdal, det melder Meteorologisk institutt.

Uvær på Alnes

HALD PÅ HATTEN: Natt til fredag og natt til laurdag kan det blir storm på kysten av Møre og Romsdal.

Foto: Asbjørn Røsås

Vêret kan by på store utfordringar i den komande nyttårshelga. Ifølgje Meteorologisk institutt er venta periodevis full storm frå sørvest i Møre og Romsdal, både fredag og laurdag. Det er eit lågtrykk i Norskehavet mellom Island og Noreg som skaper både storm og nedbør. Verst blir det truleg på kysten natt til fredag og natt til laurdag.

Natt til fredag er det meldt opp imot sørvest full storm på kysten, frå føremiddagen sterk kuling og liten storm om kvelden. Det er også meldt regn og regnbyer, snø over 700–900 meter.

Laurdag er det meldt vestleg liten og mogleg full storm. Frå laurdag ettermiddag er det meldt nordvestleg liten kuling, sludd- og snøbyer, regn og snø i høgda.

Men vêret vil truleg roe seg til kvelden nyttårsaftan, noko som kan vere godt nytt for dei som har planar om å feire inngangen til det nye året ved å skyte opp rakettar.

Eit oppdatert vêrvarsel kan du lese på yr.no.

Laster Twitter-innhold

Det er også venta mykje nedbør 30. desember.

Laster Twitter-innhold

Første nyttårsdag er det meldt snøbyer, kraftig snø og sluddbyer.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL