Etter det NRK kjenner til blir 130 personar med i følget som skal sjå på arkitektur, design og fiskeindustri.
Tre dagar
Ålesunds-besøket er ein del av eit tre-dagars offisielt besøk i Noreg, og ordførar Arve Tonning meiner dette kan gi byen ein svært god PR-effekt. Mellom anna skal tre TV-team frå Portugal følgje presidenten på turen.
Tonning synest det er naturleg at presidenten kjem til den byen i Noreg som har mest kontakt med Portugal mellom anna på grunn av den omfattande eksporten av klippfisk.
Kongen er for tida sjukmeld etter kreftdiagnosen, men kjem til Ålesund saman med Dronninga dersom helsa tillet det.