Hopp til innhold

Storbeslag av partydop

Ein russisk statsborgar har sidan tidleg i november site varetektsfengsla mistenkt for oppbevaring av store mengder narkotika.

Partydop

ILLUSTRASJONSBILDE: 370 gram av partidopet alfa-PVP er beslaglagt i Ålesund. Biletet stammar frå eit tilsvarande beslag.

Foto: Skjermdump / Kripos

Ifølge Sunnmørsposten er det funne 370 gram alfa-PVP, som er eit syntetisk narkotika. Det skal tilsvare 24 000 brukardosar.

Avisa siterer Kripos, som opplyser at stoffet er 100 til 200 gongar sterkare enn andre narkotiske stoff.

Kan røme landet

"Gudrun Kalvatn"

Politiadvokat Gudrun Kalvatn avventar endeleg analyse frå Folkehelseinstituttet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Politiadvokat Gudrun Kalvatn seier at førebels berekning viser at stoffet har ein reinheitsgrad på 80 prosent, men at dei har bede Folkehelseinstituttet om ein endeleg analyse.

Den pågripne og sikta russaren er varetektsfengsla fram til 8.februar, og årsaka er at det er fare for at han skal røme landet.

I husværet der partidopet blei oppdaga blei det også funne 170 gram hasj.

Strafferamma for siktinga er fengsel frå tre til 15 år.