Politiet måtte endevende både vaskerommet, kjøkkenet og kjellaren før dei gjorde ein storfangst tidlegare i vår. For heime hos småbarnsfamilien på Nordmøre var det gøymt store pengesummar og djupt i frysaren henta politiet ut nesten to kilo amfetamin.
På ei hylle i vaskerommet låg 1,3 kilo hasj i boksar med Lillebrors karamellblading og Innherrad Sodd.
– Det er ein stor kreativitet på oppbevaringa av narkotika, det ser vi jo, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.
Stoffet som blei funne har åleine ein salsverdi på over ein million kroner. Det blei også funne tusenvis av kroner i stova og i jakker og vesker. I kjøkkenvifta var det gøymt 150.000 kroner, som var pakka i vakuumposar.
Ingvild Thorn Nordheim er statsadvokat og meiner det var viktig å narkotiksalet.
Foto: Remi Sagen / NRKFleire millionar inn og ut
Politiet trur småbarnsfaren i 40-åra har vore ein sentral aktør i narkotikamiljøet i Møre og Romsdal, og selt vidare i stor stil. Det gjekk stadig pengar inn og ut frå kontoen både til mannen og kona. Berre i 2021 blei det betalt inn nesten ein million til saman til ekteparet.
Heime hos familien fann politiet store mengder dyre varer:
- Tre elsparkesyklar og ein elsykkel
- Tre laptopar og eitt nettbrett
- Fleire dyre gitarar, forsterkarar og bassforsterkar
- Drone, eksklusive kjøkkenmaskiner og kle
- I lommene på kona sine jakker fann politiet nesten 20 000 kroner i kontantar
- I tillegg blei det funne vakumeringsmaskin og vakuumposar, som ifølgje politiet blei brukt i narkotikasalet
Narkotikasalet skal ha ført til store inntekter for mannen som no er dømd. Dette er noko av beslaget som politiet gjorde i januar 2022.
Foto: Politiet
Uvanleg mange på besøk
Rett før jul sette politiet i gang storstilt spaning.
Og det gav gevinst.
I løpet av halvanna månad registrerte spanarane at familien hadde uvanleg mange korte besøk, til alle døgnets tider. Berre mellom klokka 03 om natta og seks om morgonen var det tomt for besøkande.
Politiet meiner det beviser at nordmøringen dreiv med utstrekt narkotikahandel.
– Det er viktig å få stoppe brukarar frå å få tilgang til så mykje som han har oppbevart, seier Nordheim.
Dømt til fengsel
No må mannen gje frå seg inntil 2 millionar kroner for narkotika som politiet trur han har selt for, i tillegg til fengselsstraff på 3 år og 8 månader.
Mannen sin forsvarar, Roy Peder Kulblik, seier at domfellinga var som venta, men meiner straffeutmålinga verkar streng samanlikna med rettspraksis. Dei næraste dagane vil han diskutere med domfelte om dei skal anke inndraginga av pengar og straffeutmålinga.
Også kona var tiltalt, men ho er frikjend og har flytta frå bygda. Borna er flytta i fosterheim.
Dommen er førebels ikkje rettskraftig.