NRK Meny
Normal

Klart for valsending på NRK1

Det er klart for valsending på NRK1 frå klokka 19.45. Der får du lokale og nasjonale valresultat heilt fram til klokka 01.30.

Vestre og Kjølås

Trond Vestre og Berit Susanne Kjølås leiar deg gjennom valkvelden på NRK1.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Valsending 2011 Molde

Hans Thomas Eikrem, Tore Ellingseter og Øyvind Berge Sæbjørnsen er klare for valsending frå Molde.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

NRK Møre og Romsdal har også direktepunkt i Kristiansund og Molde denne kvelden.

I Kristiansund er fotograf Roar Halten og reporter Eirik Haukenes klare for å rapportere om siste nytt.

I Molde er det knytt stor spenning til valet etter ein knallhard sjukehusstrid. Tore Ellingseter, Hans Thomas Eikrem og Øyvind Berge Sæbjørnsen gir oss siste nytt frå Rosenes by denne valkvelden.

– Gler meg

NRK Møre og Romsdals valekspert, Trond Vestre, ser fram til kvelden.

– Eg gler meg veldig. Mest til resultata startar å rulle inn. No får vi fasiten. Det blir spennande å sjå kva det er, seier Trond Vestre.

Trond Vestre

Valekspert og journalist i NRK Møre og Romsdal, Trond Vestre, er kveldens kommentator på NRK1.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Spennande kveld

Distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy, er vert for mellom andre fylkespolitikarar, kommunepolitikarar og journalistar i kveld.

– Det blir ein spennande kveld. Målingane vi har gjort saman med avisene viser at dette blir jamt. Valvakane våre har alltid vore stemningsfulle og prega av nervar. I løpet av kvelden vil vi få vinnarar og taparar.

Hallstein Vemøy

Distriktsredaktør, Hallstein Vemøy er klar til å ta imot gjester til valvaken.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Han meiner det er mange gode grunnar til å sjå på NRK1 i kveld.

– Vi er tungt til stades over heile landet. I alle fall på 50 plassar. Det blir ei fin veksling mellom riks og distrikt. Distrikta har fått mykje sendetid. Ikkje minst frå 23–0100. Og det folk ikkje får med seg på TV, kan dei sjå på www.nrk.no/mr.

Val 2011 Molde

Reporter Tore Ellingseter intervjuar Sidsel Rykhus i Molde. Det blir svært spennande å sjå kva sjukehussaka fører til politisk i Rosenes by.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK