Hopp til innhold

Tusenvis fekk med seg opninga av Kvivsvegen i dag

Det var nesten som 17. mai under opninga av den nye Kvivsvegen i dag. Rundt 3000 møtte fram for å feire.

Kvivsvegen

Tre tusen mennesker var i fylgje politiet inne i tunnelen i dag for å feira den offisielle opninga av Kvivsvegen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det var reine 17.mai-stemning då den etterlengta Kvivsvegen vart opna av Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete midt i Kvivstunnelen.

Kvivsvegen er den nye hovudåra mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er heile 93 år sidan prosjektet først vart omtala i offentlege vegplanar.

Lange køar

Opning Kvivsvegen

Det var lange køar på Kalvatn for å bli med bussane inn i tunnelen.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

På Kalvatn var det lange køar for å få plass i bussane som skal frakte folk inn i Kvivstunnelen. Politiet opplyser til NRK at det er kome tre gongar så mykje folk som dei hadde rekna med. Dermed var det nok ikkje alle som rakk å kome inn i tunnelen til den offisielle opninga starta. Enkelte venta ein time på å kome med bussen.

– Vi hadde venta rundt 1000, men er her minst 3000 frammøtte, opplyser politiet til NRK.

Eit eventyr

Opning Kvivsvegen

Magnar og Kari Bjørkedal har gledd seg lenge til denne dagen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Folk har heisa flagget og er i feststemning. To av dei som feirar dagen i dag var Magnar og Kari Bjørkedal frå Austefjorden.

– Dette er som eit eventyr. Vi har høyrt om vegen så mange gongar at vi til slutt ikkje trudde på at det ville bli noko. Og så står vi her no, seier ei strålande blid Kari Bjørkedal

Frå Geiranger for å feire

Opning av Kvivsvegen

Ein kortesje av veteranbilar var med å sette stas på opninga.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ein kortesje av veteranbilar var også med under opninga av Kvivsvegen.

Øystein Maråk frå Geiranger luftar veteranbilen, ein 1934-modell Buick som har vorte brukt til skysskøyring i turistbygda. Den har også hatt prominente gjestar som kong Haakon og Kong Olav. Men i dag gjekk turen til opninga av Kvivsvegen.

– Det var så fint ver i dag at vi måtte få med oss denne hendinga. Og eg trur Kvivsvegen vil verke inn på turismen i Geiranger også, seier Øystein Maråk.

Sjå Kvivsvegen minutt for minutt

Opninga av Kvivsvegen

Marit Førde Lødemel er i tunnelen saman med familien sin.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Marit Førde Lødemel er her saman med barnebarna sine, og dei står godt påkledde i tunnelen med refleksvestar.

– Dette er stort. Det er ei ny verd som opnar seg. Kanskje Hornindal vert eit sentrum etter tunnelen, seier Førde Lødemel drøymande.

Kvivsvegen kart

Kvivsvegen knyt Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane saman på ein ny måte.