Hopp til innhold

Anda-sjef merkar ikkje Kvivsvegen

Litt over ein månad etter at Kvivsvegen opna, seier lufthamnsjefen på Anda at han ikkje merkar dei store utslaga som enkelte varsla på førehand. Samtidig har flyplassen i Ørsta/Volda hatt ein markant auke i talet på passasjerar.

Ørsta-Volda lufthamn og Sandane lufthamn

SVIKTAR IKKJE: Lufthamnsjefen på Anda Lufthamn på Sandane har ikkje merka noko til opninga av Kvisvegen enno.

Foto: Montasje/Ottar Starheim / NRK

Den 22. september opna Kvivsvegen mellom Grodås i Nordfjord og Kalvatn i Volda. Vegen betyr ein heilt ny kommunikasjonsmessig kvardag for folk i området, og fleire meinte dette også ville få store konsekvensar for flytrafikken.

Kjetil Årøen, som er Avinor sin ansvarlege ved flyplassen mellom Ørsta og Volda, sa til NRK i august at dei ville få mange passasjerar som før har reist frå Sandane.

Widerøe sine eigne trafikktal for oktober månad syner at det ikkje har blitt den store passasjerflukta frå flyplassen på Anda, skriv avisa Firda i dag. Sandane lufthamn hadde i oktober 3514 passasjerar som reiste til og frå.

Dette er 38 færre enn oktober månad i 2011, men skuldast truleg to dagar der flygingane var kansellerte på grunn av skodde. I tillegg er det i år ein avgang mindre på laurdagar, skriv avisa.

Lufthamnsjef ved Sandane lufthamn, Jon Granheim, seier til avisa at han er godt nøgd med passasjertala for oktober.

– Det er vanskeleg å seie noko sikkert etter så kort tid. Men ein månad etter Kvivsveg-opninga ser vi ingen utslag. Trenden er at folk reiser meir med fly, og dette er positivt for oss.

Men samtidig hadde Ørsta/Volda lufthamn i oktober hadde ein auke på 22 prosent i høve til same månad i fjor.

Lufthamnsjefen ved Anda seier altså at han ikkje merkar noko utslag etter vegopninga, men på Ørsta/Volda lufthamn er inntrykket eit litt anna. Jarle Velle som er sal- og servicemedarbeidar seier dette til avisa Firda.

– Det verkar som det er litt støre innslag av nordfjordingar jamt over alle flygingar. Vi høyrer litt meir nordfjorddialekt blant passasjerane. Men vi opplever ikkje nokon Eikesundsamband-eksplosjon. Det interessante blir å sjå utviklinga over tid.