Hopp til innhold

Stor snøskredfare i fylket

Det er meldt om stor snøskredfare i Møre og Romsdal søndag. Tidlegare i dag blei eit snøskred utløyst på Stranda. Heldigvis kom ingen til skade.

Snøskred Stranda

Søndag ettermiddag gjekk det eit snøskred på Stranda.

Det var like før klokka to søndag ettermiddag at det gjekk eit snøskred på Stranda. Skredet vart utløyst ved Fursetsida og blei sett av folk ved Strandafjellet skisenter, som kunne stadfeste at ingen kom til skade.

Også tidlegare denne veka gjekk det eit 30–50 meter bredt snøskred i Stranda. Då gjekk skredet frå Roaldshorn og ned mot Fausadalen.

Politiet gjekk tidlegare i dag ut med ei melding der dei åtvarar mot skredfaren og ber publikum om å vise varsemd.

Farleg nære

Oscar Almgren er frikøyringsguide ved Stranda skisenter og var på ein guida tur i området då skredet gjekk. Han kan fortelje at han observerte to personar som rende på ski, då ein av dei kom til å løyse ut skredet.

Oscar Almgren

Oscar Almgren meiner det er viktig å ha rett utstyr dersom ein skal ferdast i farlege område.

Foto: Privat

– Han greidde akkurat å kome seg ut av vegen slik at skredet ikkje trefte han, men det kunne fort blitt alvorleg dersom han ikkje hadde greidd det, seier Almgren.

– Det var eit lite skred, men det gjer det ikkje mindre farleg, held han fram.

Den erfarne skiguiden var glad for at det gjekk bra denne gongen, men meiner dei to var heldige. Almgren meiner det er svært viktig at skiløparane som vel å renne i slike område har det nødvendige utstyret dersom det går eit skred.

– Dersom ein vel å køyre utanfor løypa så må ein ha med seg alt av skredutstyr. Det hjelper nødvendigvis ikkje å ha skredsøkar dersom du ikkje har søkestong eller spade, seier han.

Han vil også oppmode skiløparar om å vere best mogleg orientert om vêrsituasjon og skredfaren i det området dei tenker å renne. På Strandafjellet Skisenter legg dei ut ei oppdatert skredvarsling på Facebook, og Almgren anbefaler publikum å nytte seg av slike tenester og snøskredvarslinga til varsom.no.

– Det er fantastisk å renne utanfor løypa, men det er viktig å vere klar over forholda der ein vil renne. På den måten blir det mykje tryggare, seier han.

Stor fare

Solveig Kosberg ved snøskredvarslinga til NVE oppmodar ivrige skiløparar om å halde seg unna bratte fjellsider søndag. Ho seier at varsom.no setter faregrad 4 (stor) når det gjelder snøskred i Møre og Romsdal, og at faren vil auke utover søndagen.

Snøskredfare møre og romsdal

Det er meldt stor snøskredfare i Møre og Romsdal søndag.

Foto: Skjermdump varsom.no

– Temperaturen vil auke utover kvelden, noko som aukar faren ytterlegare, seier Kosberg.

Ho seier at skredfaren er størst i indre strøk når det gjeld Sunnmøre, men det er også betydeleg stor snøskredfare i ytre strøk. Kosberg oppmodar publikum til å halde seg unna bratt terreng, spesielt i dei områda der det har kome mykje nedbør det siste døgnet.

– Det har kome ein del nedbør i indre strøk i samband med ekstremvêret «Ole», noko som også er med på å auke skredfaren, seier Kosberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL