Hopp til innhold

Fleire trafikkulykker i Møre og Romsdal torsdag ettermiddag

Det har vore fleire trafikkulykker rundt om i fylket torsdag ettermiddag. Det er glatt og dårleg føre fleire stadar, og politiet ber folk passe på.

Trafikkulykke i Julsundvegen

Det var meldt om svært dårleg føre i Molde torsdag ettermiddag.

Foto: Roar Strøm

Etter at først ein bil køyrde i autovernet i Giske i ettermiddag, har det vore fleire trafikkulykker i fylket.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet i Møre og Romsdal, seier mange har vore involverte i ulykker, men det er ikkje snakk om nokon alvorlege skadar.

Vi har fått meldt inn til operasjonssentralen fem trafikkulykker hittil no i ettermiddag og kveld. Det har vore 13 personar involverte. Sju av dei er tekne med til legevakt og ein til akuttmottak.

Dårleg føre i Molde

I Molde kolliderte fleire bilar på Julsundvegen, og det blei meldt om svært dårleg føre på staden.

To biler og to personar var involvert i trafikkulykka på Gjemnessundbrua i Gjemnes. Dei to blei frakta til legevakt og sjukehus. Det var lange køar på staden.

Trafikkulykke Gjemnessundbrua

To bilar blei frakta vekk etter ei ulykke på Gjemnessundbrua i Gjemnes tidlegare i dag.

Foto: Simon Sølberg

Både glatt og sørpete

På fylkesveg 6192 på Årvågen i Aure køyrde ein bil utfor vegen. Der var det ikkje personskadar, men skade på ein lyktestolpe og eit straumskap.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet i Møre og Romsdal.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

På Sunndalsvegen i Sunndal var to bilar involvert i ei ulykke. Der blei tre sendt til legesjekk.

Ingen personar skal ha blitt skadd i denne ulykka, men politiet opplyser at ein person er mistenkt for å ha køyrt i påverka tilstand og utan gyldig førarkort.

Ber folk køyre forsiktig

Holst-Dyrnes ber folk om å køyre forsiktig ut over kvelden, då det er dårleg føre mange stadar.

Det er utfordrande køyreforhold i store delar av distriktet. Det er både glatt og sørpete enkelte stadar, så folk må avpasse farta etter køyreforholda.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL