Hopp til innhold

Åtvarar mot stor snøskredfare

Torsdag er det meldt om stor snøskredfare både på Sunnmøre og i Romsdal. Sjansen for at skigåarar løyser ut skred er betydeleg, melder NVE.

Snøskred Tronfjell

Arkivfoto: Torsdag er det stor fare for å løyse ut eit snøskred i Møre og Romsdal.

Foto: Norsk Folkehjelp Redningstjeneste Nord Østerdal

Vinterferien er i gang for fullt over heile fylket, men i dag kan det vere lurt å vere ekstra forsiktig dersom du har tenkt deg ut på skitur.

Snøskredfaren er no på faregrad fire, noko som er det nest høgste farenivået. Andreas Haslestad, vaktleiar ved snøskredvarslinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), ber turgåarar om å vere forsiktige.

– Ettersom skred kan losne av seg sjølv, og nokon av dei kan nå langt, så ber vi folk unngå skredterreng og utløpssoner. Det er særleg der det har kome mest snø i form av nedbør det siste døgnet og der vinden har vore sterkast at farenivået er størst, seier han.

Skigåarar kan utløyse skred

Stort snøfall, kombinert med lite vind, er noko av det som gjer snøskredfaren så stor.

Andreas Haslestad

Andreas Haslestad ved snøskredvarslinga ber skigåarar om å vere forsiktige.

Foto: Arve Uglum/Torje Bjellaas / NRK

– Det har kome mykje nedbør i form av snø, noko som betyr at det ligg mykje snø tilgjengeleg. Når det no er meldt om auke i vinden så kan det gå både laussnøskred og flakskred som losnar av seg sjølv, seier Haslestad.

Han fortel vidare at skiførarar må rekne med å kunne løyse ut skred dersom dei oppheld seg i skredutsette område. Han vil likevel ikkje rå ifrå folk frå å ta seg ein tur i skibakken.

– Eg synest absolutt at folk skal kome seg ut på skitur, men då i slakkare terreng. Ha tolmod i nokre dagar og gi snøen tid til å stabilisere seg. Følg løypenettet og er du i eit alpinanlegg så bør du vere forsiktig med bratt terreng på utsida av løypene, seier Haslestad.

Hald deg oppdatert på snøskredfaren og få informasjon om utsette område her.

Fleire stengde vegar

Fylkesveg 63 i Møre og Romsdal er stengt mellom Geiranger og Eidsdal på grunn av rasfare og vegen opnar ikkje i dag, det melder Statens vegvesen. Det går rasferje frå Hellesylt klokka 08.30, 12.30 og 16.30, samt frå Geiranger klokka 09.30, 13.30 og 17.30, melder Fjord1.

Fylkesveg 651 i Møre og Romsdal er også stengt ved Høydalen mellom Fyrde og Straumshamn på grunn av rasfare, medan fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen er stengt på grunn av snøras og rasfare.

Onsdag blei også fylkesveg 61 er stengt over Maurstadeidet i Vanylven på grunn av eit steinras. Ifølgje Statens vegvesen kan vegen bli stengt i fleire dagar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL