Hopp til innhold

Ver obs på snøskredfare i vinterferien

Vinterferien kan by på betydeleg snøskredfare fleire stadar i landet. Hald deg oppdatert og bruk hovudet er oppfordringa frå snøskredvarslinga ved NVE.

Snøskred i Grøvdalen i Isfjorden i Rauma

Det er lurt å vere obs på snøskredfaren i vinterferien, det melder NVE. (Arkivfoto: Her frå eit snøskred i Grøvdalen i Isfjorden i Rauma).

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Måndag startar vinterferien offisielt for alle landets fylke unntatt Rogaland, Sogn og Fjordane, Hordaland, Buskerud, Oppland og Finnmark.

Vinterferien har tradisjonelt vore ei tid der mange nyttar ferien til å gå på ski og kose seg i fjellet. Bruk hovudet og ver merksam er oppfordringa frå snøskredvarslinga.

– Det er alltid viktig å vere obs på snøskredfaren fordi konsekvensane kan bli store dersom det går eit skred- Vi anbefaler folk å halde seg oppdatert og følge med på varsom.no kvar dag, seier Odd-Arne Mikkelsen, vaktleiar ved snøskredvarslinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Undersøk forholda

Søndag er det områda Sunnmøre, Sogn og Fjordane, Voss, Rørdal og Rauland som har betydeleg snøskredfare. Skredfaren for resten av landet er moderat. Men Mikkelsen fortel at mykje kan skje på kort tid.

Odd Arne Mikkelsen/NVE

Ver oppdater og undersøk forholda før du fer på tur er oppmodinga frå Odd-Arne Mikkelsen, vaktleiar ved snøskredvarslinga i NVE.

Foto: Pia Tøhaug / NRK

– Forholda kan endre seg raskt og vi får stadig inn ny informasjon om snødekket i heile landet, seier han.

Mikkelsen anbefaler turgåarar å følgje med på varsla på varsom.no og planlegge turen godt før dei tek skia fatt.

– Undersøk om terrenget er bratt og sjå om turen du planlegg er i den himmelretninga som er mest utsett for skred. I så fall bør du unngå å gå der, seier han.

Snøskredvarselet angir nemleg kor i terrenget det er forventa at ein finn skredproblema, og kva del av terrenget som er mest skredutsett. Det viser også kva himmelretning som er mest utsett for skred.

– Blir det for komplisert å forstå er det tryggaste ein kan gjere å halde seg unna skredterreng, det vil seie terreng som er slakare enn 30 grader. Ein kan få mange fine turar der også, seier Mikkelsen.

Skigåar i strålande ver

Illustrasjonsfoto: Sjekk snøskredfaren før du legg ut på tur er oppmodinga frå snøskredvarslinga i NVE:

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sør-Noreg

På Vestlandet ligg skredfaren på betydeleg i helga, hovudsakleg på grunn av ustabile nysnøflak i leområde.

– I slike område kan skreda bli forholdsvis store, det er heller ikkje usannsynleg at det kan gå enkelte naturleg utløyste skred, seier Mikkelsen.

Austlandsregionen har også moderat snøskredfare som følgje av fokksnø. I tillegg er snødekket komplekst med fleire svake lag, både rim og kantkorn. Her er det viktig å huske at sjølv om skredfaren ligg på moderat er det fullt mogleg for ein skiløpar å løyse ut eit skred.

Nord-Noreg

Også i Nord-Norge er det fokksnø som er hovudproblemet, men ein må framleis vere obs på kantkornlaget som ligg lenger ned i snødekket.

Det er ifølgje varsom.no mindre sjanse for skred i dette laget nå, men skreda og konsekvensane kan til gjengjeld bli store dersom dei losnar.

Følg med på www.varsom.no for nye og oppdatert snøskredvarsel kvar dag.