Hopp til innhold

Stor kontrakt til Kleven

Kleven Verft i Ulsteinvik skal bygge eit spesialskip for kabellegging for ABB. – Ei svært viktig kontrakt, seier konsernsjefen.

Spesialskip for kabellegging

Fartøyet er av typen SALT 306 CLV frå Salt Ship Design på Stord og skal leverast i 2017.

Foto: Salt Ship Design

Skipet er 140 meter langt og er spesialdesigna for kabellegging av Salt Design på Stord.

Ståle Rasmussen

Konsernsjef Ståle Rasmussen hadde gode nyheiter til dei tilsette ved Kleven Verft i dag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Prosjektet eit godt døme på at norsk design og skipsbygging vinn fram i tøff internasjonal konkurranse. Dette er ein svært viktig kontrakt for Kleven, i ei tid då det er langt mellom kontraktane innan norsk skipsbygging, seier administrerande direktør i Kleven, Ståle Rasmussen i ei pressemelding.

Ei rekkje lokale leverandørar er involverte, blant andre Brunvoll, Hareid Group og ABB Marine i Ulsteinvik. Skipet skal leverast i 2017.

Tilsette ved Kleven Verft

Dei tilsette ved Kleven verft blei orientert om kontrakten fredag formiddag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kleven har 15 fartøy i ordreboka no til ein samla verdi på over 10 milliardar kroner.

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, vil ikkje opplyse kor stor den siste kontrakten er, men seier til NRK at den er verd svært mykje pengar og viser at Kleven er med i kampen om dei store, internasjonale kontraktane.

Kakefeiring på Kleven Verft

Tradisjonen tru var det kakefest på Kleven i samband med kontrakten.

Foto: Arne Flatin / NRK

–Det er beintøft og vi skal vere flinke for å få det til, men vi har eit godt utgangspunkt og er veldig glade for at ABB vel å kontrahere eit så avansert fartøy på Kleven, seier Rasmussen til NRK.

Kakefest ved Kleven Verft etter ny, stor kontrakt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL