Hopp til innhold

Her skal dei betre folkehelsa

I formiddag blir Storfjord helsesenter opna som del av ei storsatsing på folkehelse i Valldal.

Storfjord Helsesenter

I dag opnar Storfjord Helsesenter. Etterkvart kjem det også pensjonistskule og hotell like ved.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Valldal blir det slått på stortromma i formiddag når Storfjord Helsesenter til 86 millionar kroner opnar. Det skjer blant anna med kommunalminister Liv Signe Navarsete til stades. Helsesenteret rommar både treningsstudio, nye fasilitetar for Muritunet rehabiliteringssenter, tannklinikk, NAV og ambulansestasjon.

Pensjonistskule

Arne Sandnes

Arne Sandnes er dagleg leiar ved Mutitunet i Valldal.

Men helsesenteret er berre første steg i ei stor satsing. I tillegg er det planar om å starte opp den tredje pensjonistskulen i landet og eit fjordhotell som skal byggast like ved Muritunet.

– Dette er en del av ein større visjon. Storfjord Helsesenter er berre første knoppen på ei større helseklyngje, seier dagleg leiar ved Muritunet i Valldal, Arne Sandnes.

LES OGSÅ:

Tenkjer stort

Han trur tilboda med helsesenter, pensjonistskule og hotell vil trekke til seg folk langt utover Norddal og Sunnmøre.

– Eg personleg og mange andre synest det er kjekt å skape noko nytt og vi får eit kick. Vi ser at det går an, seier Sandnes.

Gratis trening

Norddal ynskjer å framstå som eit ressurssenter for å betre folkehelsa. Også pensjonistskulen har med folkehelse å gjere. Her vil det handle mykje om førebygging.

Treningssenter

Innbyggjarane i Norddal får tilbod om gratis trening i ein månad.

Foto: Svein Vemøy

Sandnes meiner at alle er for dårlege til å halde seg i god form. Kommunen tilbyr difor alle innbyggjarane ein månads gratis trening på helsesenteret for å kome i gong. Målet hans er at minst halvparten kjem innom for å lære å bruke treningssenteret.

Norddal er ein liten kommune, er dette liv laga?

Det trur eg absolutt, sjølv om ikkje det er openbart, seier Sandnes.

Grunnen er at mange aktørar samarbeidar. Frivillegheita står sterkt i kommunen og private investorar er på banen.