Det seier Totto Mjelde frå Pyro på P3 om bandet Rival Sons.
Heilamerikansk så langt
I førre veke kom det etterlengta førstesleppet til Jugendfest. Det var ingen ringare enn den amerikanske rap-giganten 50 Cent.
- Les også:
I dag annonserte Momentium artist nummer to til festivalen i august. Så langt er det heilamerikansk, for booking nummer to er dei amerikanske hardrockarane i Rival Sons.
– Vi er kjempefornøgde. Det er eitt av dei nye, store klassiske rockebanda, som er på veg full fart oppover. Dei har gjort det svært bra sidan debutalbumet i 2009, og har kome langt, seier bookingsjef og dagleg leiar i Momentium, Ante Giskeødegård.
– Arven frå Led Zeppelin
Platedebuten i 2009, «Before the Fire», blei berre sleppt på nettet. Det var 2011-albumet «Pressure & Time» som gjorde Rival Sons kjent utover California og USA.
I fjor haust gav hardrockarane ut sitt hittil siste album, «Head Down», som fekk svært gode kritikkar i musikkpressa.
- Les også:
Pyro, på NRK P3, dekkjer den hardare delen av rocken, og programleiar Totto Mjelde meiner Jugendfest har booka eit knallband.
– Rival Sons er eitt av dei beste nye banda i hardrocken dei siste ti åra, om ikkje det aller beste.
Han meiner amerikanarane osar av Led Zeppelin-, Free- og Deep Purple-inspirasjon.
– Med arven frå Led Zeppelin og Free tjukt utanpå kleda, presterer dei å få den klassiske rocken til å høyrest moderne ut. Her i Noreg har fleire besøk gjort at dei har vakse seg til å bli ein attraksjon, fortel Pyro-programleiaren.
Dei spelar på Jugendfest fredag 16. august, men Rival Sons spelar òg under Bergenfest 14. juni og Norwegian Wood 15. juni.
Saka held fram under bildet.
Sjeldan bra liveband
Totto Mjelde har sett bandet ved fleire høve, og skal få med seg nok ein konsert i Bergen om to veker. Det er ikkje utan grunn.
– Festivalgåarane kan forvente seg eit svært profesjonelt band, som har turnert non-stop dei siste tre åra, fortel Mjelde.
– Ein vil få servert eit utruleg energisk liveshow, med ordentleg herleg, klassisk rock med trøkk. Det er 60- og 70-talet vidareført. Og vokalisten (journ. anm. Jay Buchanan) har ei herleg høg stemme og enorm lungekapasitet, seier Giskeødegård, som trur bandet femnar ganske så breitt.
Mjelde i Pyro på P3 er klar på at bandet, som Led Zeppelin og Deep Purple, leikar seg på scena.
– Dei leikar seg med låtane og strekkjer dei gjerne ut med litt jamming og improvisasjon. Likar ein rocken sin hard er det nærmast umogleg å mislike gleda og tyngda Rival Sons leverer, avsluttar hardrock-entusiasten.
Neste artistslepp til Jugendfest i Ålesund kjem neste veke, ifølgje Ante Giskeødegård. Denne artisten går under den elektroniske fana, får NRK opplyst.