Hopp til innhold

Stoppa etter vinglete køyring

Politiet stoppa i kveld ein bilførar i 90-åra i Brusdal i Ålesund. Dei hadde fått meldingar om låg fart og vinglete køyring. Politiet har grunn til å tru at bilføraren ikkje lenger oppfyller dei helsemessige krava til å ha sertifikat.