Hopp til innhold

Måtte betale 13.000 kroner for å få ein geolog til å stadfeste at her er det trygt å drite

Det har budd folk der i fleire hundre år, men då det skulle settast opp eit uthus med utedo måtte plutseleg rasfaren sjekkast. – Heilt urimeleg og meiningslaust seier ekteparet Bjørnhild og Roger Nykrem

Utedo til besvær

URIMELEG: Bjørnhild Nykrem er oppgitt over ordninga med å betale avgift for å få sjekka rasfare i område der det ikkje har gått ras.

Foto: Tormod Brekke Øye / NRK

Bak garden til Bjørnhild og Roger Nykrem finst det mark med brekande sauer og tett bjørkeskog. Litt lenger opp på fjellet ligg den idylliske Heimfjørstadsetra i Stranda på Sunnmøre. Her har det folk vore i uminnelege tider, men no er det er det brått farleg å vere der.

Tur i skogen

NATURSKJØNT: Turen opp til Heimfjørstadsetra byr på vakker natur

Foto: Tormod Brekke Øye / NRK

I alle fall om ein skal tru kartlegginga til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dei har laga eit kart over område i Noreg som dei meiner kan vere rasfarlege. Å bygge nye hus eller gjere endringar på bygg i desse områda krev geologiske undersøkingar.

– Det seier seg sjølv at ein ikkje bygg på ein plass det er fare for ras. Her har det budd folk i hundrevis av år. Det er jo ingen som vil bli tatt av ras, seier Roger og ler.

Gardstun Stranda

IDYLL: I fjor sommar fekk ekteparet Nykrem sat opp et uthus med utedo (til venstre på bildet).

Foto: Tormod Brekke Øye / NRK

Provosert over avgift

For å få bygge eit uthus med utedo måtte ekteparet betale 13 tusen kroner i geologavgift. Ein geolog kom på synfaring for å slå fast det ekteparet visste. Uthuset låg ikkje rasfarleg til. No ønskjer dei at kommunen får meir makt til å bestemme sjølv, ikkje berre følgje pålegg eller eit kart utarbeidd av NVE.

– Kommunen tek ikkje omsyn til lokalkunnskap i det heile tatt. Det fungerer berre som ein ekstrautgift, fortel Bjørnhild.

Både ho og ektemannen meiner avgifta er urimeleg.

Par på tun

TEK IKKJE OMSYN: Bjørnhild og Roger Nykrem meiner staten ikkje tek omsyn til lokalkunnskapen

Foto: Tormod Brekke Øye / NRK

Det er arrogant. Kommunen er rett og slett feig, seier Roger. Det einaste vi blir møtt med er krav om at vi må ha den geolograpporten.

Ekteparet meiner det ikkje blir tatt omsyn til lokalkunnskap, og det provoserer.

– Eg vil at kommunen skal lage ein lokalt forankra rapport der dei som kjenner områda kan uttale seg. Det er vi som veit kvar rasa går.

– Vi er ikkje feige

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp) meiner omgrepet «feig» er teke ut av alle proporsjonar.

– Det er dessverre eit krav som vi er pålagt av staten. Vi har ingen moglegheit til å gå rundt regelverket, seier Tryggestad.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad

ER IKKJE FEIG: Strandordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) vil ikkje bli kalla feig.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Han understrekar at kommunen slett ikkje har vendt nokon ryggen, og at dei arbeidar for å utfordre staten når det kjem til handheving og finansiering av tilleggsrapportar. No ynskjer Tryggestad å samle kommunar med same problemstilling, slik at dei i fellesskap kan vende seg til staten for å finne gode løysingar. Han seier han sjølvsagt er på lag med lokalbefolkninga.

Eg og syns det er ein meiningslaust kostnad, seier han.

Utbygging skal betalast av utbyggar

Prosjektleiar for skredfarekartlegging i NVE, Odd Are Jensen, seier at det står klart i regelverket at kostnader knytt til ny utbygging skal betalast av den som skal bygge.

Han seier også at kommunen har moglegheit for å ta ein større del av kostnadene, ikkje berre overlate dette til kvar enkelt utbyggar.

NVE sitt aktsomhetskart

RASFARE: Her er kartet som NVE har utarbeidd, og som viser rasutsette område

Foto: Norges vassdrag- og energidirektorat

– Kommunen kan greie dette ut på høgste moglege plannivå, og dermed dele kostnadene på fleire.

Jensen seier krava plan- og bygningslova stiller krav om grundig vurdering.

– Her strekk ikkje manns minne seg langt nok til å vurdere dei skreda plan- og bygningslova stiller krav om.

Trøbbel for gapahuk i Ørsta

I fleire tiår har Fred Emblem (75) gleda lokale turgåere på Sunnmøre ved å sette opp gapahukar langs populære turstiar. No vil han gi ein gapahuk i gåve til folk på Sæbø i Hjørundfjorden i Ørsta.

Fred Emblem og John Urkegjerde

GAPAHUK I GÅVE: Fred Emblem peikar på fjellsida der han vil gapahuken skal stå

Foto: Silje Haugen Myrseth / NRK

Også her krev NVE at geologar først må sjekke skredfaren. Prislappen er 21 tusen kroner.

Dette er jo allereie et turområde som blir mykje brukt. Skal det vere hald i logikken med å undersøkje rasfare, så må dei nesten undersøkje heile Hjørundfjorden, seier Emblem.

Både han og kompisen John Urkegjerde (74) har gått på turar i området i over 60 år. Dei stiller seg heilt uforståande til at geologar må undersøkje fjella dei kjenner like godt som sine eigne bukselommer.

John Urkegjerde

Her skal gapahuken ligge, seier John Urkegjerde og peikar på plasseringa med utsyn over Sæbø og Hjørundfjorden.

Foto: Silje Haugen Myrseth / NRK

Eg forstår ikkje vitsen med alt det styret for ein liten gapahuk, det er galskap sat i system, seier Urkegjerde.

– Må kunne vise skjønn

Leiar for plan- og miljøavdelinga i Ørsta kommune, Gunnar Wangen, meiner det er fornuftig med et regelverk som setter grense for skredfare, men at det nasjonale regelverket per no er for omfattande.

Gunnar Wangen

ROM FOR SKJØNN: Gunnar Wangen skulle ønskje han kunne brukt skjønn da han tok imot søknaden om gapahuk i Sæbø

Foto: Silje Haugen Myrseth / NRK

– Vi skulle gjerne ha sett at regelverket på enkelte området blei endra. Vi skulle ønske at vi hadde større moglegheit til å vise skjønn, seier han.

For å få godkjent gapahuken er det søkt dispensasjon for bygging, og kommunen er svært positiv til tiltaket. Dei vil også betale for å få området undersøkt.

– Ein gapahuk vil kunne gi ein auka oppleving i turtilbodet og dei gir ekstra folkehelsegevinsta, seier leder for plan og miljø i Ørsta kommune, seier Wangen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL