PÅ AVSTAND: Hilde Kvestad ser bort på barndomsgarden.
Foto: Tale Hauso / NRKStreken gjennom huset
Familien Kvestad har bygd draumar, spiker for spiker. Så teikna staten ei farelinje tvers gjennom tunet.
På ein plen sit Hilde Kvestad og ser bort på barndomsheimen, seksten rekker med morelltre unna.
Odelsjenta har alltid tenkt at ho skulle bu der ho vaks opp. Ho hadde drøymt om å byggja sitt eige hus i tradisjonell stil. Ho hadde til og med merka opp kor det skulle stå.
Men så kom staten sine skredekspertar og stempla heimgarden som utrygg, sjølv om der hadde budd folk i hundrevis av år.
I fjor kjøpte ho nabogarden, for å sikra at ho framleis kan bu nær staden ho elskar.
– Det er framleis veldig spesielt. Der borte er heime, berre nokre meter unna. Dette er nabogarden, og det har det alltid vore.
Livet på garden
Det er sommar i Hardanger. Den kvite og majestetiske Folgefonna lyser opp i sola. Nedanfor ligg Vikebygd og klyngetunet Kvestad.
Husa ligg tett. Hovudhuset er kvitt, stort og flott. Heilt nyrestaurert, sidan 2014 har familien brukt fleire millionar kroner. Dei vil gjerne gjera meir på garden, men no har alt gått i stå.
Bak stig bratte fjell som speglar seg i den stille fjorden. Desse fjella har generasjonane hatt respekt for, og dei har busett seg deretter, på dei tryggaste områda.
Her på garden Kvestad dyrkar familien både eple, pærer, plommer og morellar.
Men ovanfor garden er det bratte og høge fjell.
Farestreken går rett gjennom bustadhuset.
På tunet er det travelt. I frukthagane langs heile fjorden blir det jobba for fullt. Hilde dekker til morelltrea før vêrskiftet kjem. Det er vindstille, perfekt for å få plasten over trea. På seinsommaren skal morellane ut i butikkhyllene.
Veslesyster Marianne har nyleg levert inn eksamen. Økonomen jobbar som dagleg leiar i byggmeisterfirmaet til faren.
Systrene vaks opp på garden. Det er fire år mellom dei. Det har alltid vore dei to. Systrene har vore saman om gardsarbeidet frå dei var så små at det mest handla om å eta kjeks og drikke saft, til i dag der dei haustar frukt og lagar sider.
Haakon Kvestad og døtrene Marianne og Hilde tek seg ein pust i bakken mellom gardsarbeidet.
Hilde Kvestad (tv). og veslesyster Marianne var med på gardsarbeidet heile oppveksten.
Morellplasten må på plass i sommarsola i Hardanger.
Også som studentar i Bergen ville systrene bu saman. Men etter kvart vart heimlengselen stor. Dei ville heim til Kvestad. Der har det blitt heilt annleis enn dei trudde.
Streken gjennom kjøkenet
Kjøkenet på Kvestad gard i Hardanger har gamle tjukke tømmerveggar. Marianne sit ved det velbrukte kjøkenbordet saman med faren Haakon. Midt mellom dei har staten trekt opp ei rett linje. Ein usynleg farestrek.
Marianne veit ikkje om ho skal le eller gråte. På hennar del av bordet meiner ekspertane at huset truleg vil bli tatt av eit ras. Der Haakon sit, ein knapp meter unna, seier dei at skredfaren er mykje mindre.
Streken har uansett endra alt for familien og knust draumane til døtrene.



Dei er ikkje åleine. 14.000 nordmenn bur på stader der staten meiner det med stort sannsyn vil koma skred. Folk kan framleis bli buande, men på eigen risiko.
Ein av dei uheldige
I 2016 går det rykte i bygda om eit nytt kart, med statlege strekar som avgjer kven som får utvikla gardane vidare.
– Me etterlyste kva dette var, og det gjekk diverre for lang tid der rykta fekk gå. Ingen visste kven som faktisk budde i desse sonene, seier faren Haakon.
Karta syner at 30 hus i bygda er innanfor den farlegaste sona for skred, såkalla raud sone. Det betyr at staten meiner husa truleg vil bli treft av ras og innfører byggjestopp.
Etter kvart vil husa i bygda bli eldre og eldre, og vedlikehaldet bli stadig meir krevjande. Brenn eit hus ned, får ikkje familien byggja nytt. Om grenda ikkje på sikt skal døy ut, må ho sikrast mot skred for summar i millionklassen.
Dette gjeld òg garden til familien Kvestad. Streken vart teikna linjalrett tvers over bustadhuset, og i den farlegaste sona hamna òg den store driftsbygninga og gamlehuset som blir brukt som selskapslokale.



Den fyrste reaksjonen er at dette ikkje kan stemma. Dei håpar det skal skje noko som seier at staten tek feil.
– Men så etter kvart innser du at når det først er kome eit kart, så klarer du nesten ikkje snu det, seier Marianne.
Folk i Hardanger veit at skred og ras skal takast på alvor. Mange har god greie på skred og korleis fjellsidene oppfører seg.
I 1718 og 1808 tok snø- og sørpeskred med seg fjøs og husdyr på Kvestad, men på ein annan stad enn huset står i dag. I 1990 gjekk eit lausmasseskred på begge sider av tunet. Men bygningane gjekk klar. Etter skreda vart det bygd både vernemur og skredvoll.
Folket på Kvestad meiner husa står trygt. Det har fleire geologar sagt sidan 80-talet, men ikkje dei geologane som staten leigde inn.
– Eg vil jo ikkje at dottera mi skal bu her om det er ein reell fare. Eg skal bøya meg for sanning og dokumentasjon. Men når staten ikkje kan forklara for meg det dei legg fram, så er det veldig tungt å gje opp alt på grunn av dette kartet, seier Haakon Kvestad.
Men kva kan dei gjera? Dei har tusen spørsmål, men meiner ingen vil ta ansvar eller kome med gode svar.
Kartlegging av fare
Sidan 2012 har det gått føre seg eit omfattande arbeid for å finna ut kor i Noreg det er mest rasfarleg.
Geologar studerer skredhistorikk, kart og flybileta, reiser rundt og sjekkar terrenget. Så får kommunane detaljerte kart om kor det er fare for skred, flaum og kvikkleire, såkalla faresonekart.
Menneska som er mest utsette, hamnar i raud sone. Geologane meiner då at det statistisk sett kan gå skred ein gong per 100 år. I slike område er det full byggjestans.
I oransje sone kan det gå skred ein gong per 1000 år. Også her er det store restriksjonar, ingen nye bustadhus eller driftsbygningar får byggjeløyve. Men lagerbygg, garasjar og liknande får det.
Så langt har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kartlagt skredfare i delar av 66 kommunar, men kartlegginga er ikkje ferdig. Ulike område i 64 kommunar står att. Mange fleire her i landet vil få den same beskjeden som familien i Hardanger.
Sjekk her om huset ditt ligg i ei skredfaresone. Du kan zooma inn og ut på skjermen. Om kommunen din manglar informasjon, er han ikkje kartlagd.
Vil flytta streken
For familien på Kvestad kom det som eit sjokk. Frå å vera eit staseleg og attraktivt småbruk, har garden fått ei uviss framtid.
Fjellsida skal vera utsett for både snøskred og lausmasseskred.
Har geologane rett, vil den eine halvparten av huset statistisk sett bli treft av skred. Tar geologane feil, har dei uansett bandlagt garden for all framtid.
Men familien Kvestad er usamde i delar av rapporten, og dei får støtte frå innleigde ekspertar.
Haakon ynskjer å finna ut om kartet stemmer eller ikkje, eller om garden kan sikrast slik at streken kan bli flytta 15 meter. Då vil garden koma i ei anna sone, og dei kan i det minste byggja eit lagerbygg til siderproduksjonen.
Frå eiga lomme har han brukt rundt 40.000 kroner på at ein ny geolog skal undersøka om kartet til NVE er rett. Han meiner garden ikkje er i fare for skred og ras. På 1980-talet vart garden også friskmeldt i ein eigen rapport.



NVE målar Noreg raudt
Haakon og Marianne har sett seg ut på terrassen. Den blå permen har så mange ark at han nesten ikkje går å leggja saman. Det har blitt mange brev og mykje frustrasjon.
Kartlegginga av rassoner har gått i høgt tempo. Men kva med rettane til den aukande gruppa av personar som bur i dei mest rasutsette sonene?
Familien kan framleis bu på Kvestad, men dei har ikkje utan vidare rett til å få sikra eigedomen sin. Dei har ikkje krav på pengar slik at dei kan flytta og starta på nytt verken frå staten eller forsikringsselskapa.
Haakon sitt neste prosjekt og store draum var å byggja opp att tunet på garden slik den ein gong var for 200 år sidan. Heller ikkje det får han lov til.
Mellom Marianne og Haakon ligg ein blå perm som er så full i ark at den nesten ikkje går saman. Det har blitt mange brev. Det er mykje Haakon meiner skurrar.
Foto: Tale Hauso / NRKSteinar Taubøll er ekspert på naturfare og eigedomsrett ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås. Han meiner det er på høg tid med ein debatt om rettane til folk.
Strekane på karta skulle hindra at folk byggjer hus i farlege område. Men det førte altså òg til at tusenvis av eksisterande hus vart erklært rasutsette.
– No finst det ingen plan på kva som skal gjerast med desse husa, seier Taubøll.
Taubøll meiner det må lagast forsikringsordningar som kan hjelpa dei som sit fastlåst i ei faresone.
– Om forsikringsselskapa ikkje vil ta denne jobben, må ein inn med statlege fond, slik Naturskadefondet ein gong vart etablert. Krava til tryggleik for samfunnet bør ikkje påføra tilfeldige grunneigarar store tap.
NVE – Statistisk sett vil huset bli treft av skred
NVE har ansvaret for skredkarta. Dei trur talet på avdekka skredutsette eigedomar vil auka etter kvart som fleire kommunar blir kartlagt i framtida.
Dei siste åra har det gått ganske få liv tapt i skred mot hus, men overingeniør i NVE Odd Are Jensen, meiner det fort kan endra seg.
VENTAR FLEIRE RAS: Odd Are Jensen i NVE er prosjektleiar for skredfarekartlegging.
Foto: Fredrik Helland / NRKTil dømes har ein nesten ikkje hatt dei store snørike vintrane i bratte fjell på Vestlandet på 50 år. Kvestad vart sist råka av snøskred på 1800-talet, i fylgje NVE.
– Vi ventar at desse vil koma tilbake dei neste 100 åra, seier Jensen.
NVE meiner det er fare for at eit stort snøskred kan losna frå fjellet ovanfor Kvestad, og ned mot fjorden.
– Korleis er det mogleg at ein har ein farestrek rett gjennom kjøkenet som på Kvestad slik at halve huset blir rekna som tryggare enn resten?
– Heilt kva som er vurderinga for huset, er ikkje godt for meg å seia. Eg har ikkje gjort kartlegginga sjølv. Men i mange tilfelle blir faresonene teikna uavhengig av bygningar.
NVE har hatt møte med kommunen og grunneigarar i fjor haust, og fekk presentert at det finst andre faglege vurderingar av skredfaren. Dei vil likevel ikkje gjera ei ny vurdering.
– Med mindre vi får nye rapportar som peikar på tydelege feil, må vi tru at det er våre innleigde geologar som har den beste kompetansen, seier Jensen.
NVE skal no laga ein standard for skredfarekartlegging, slik at ulike firma brukar dei same metodane. Dette skal vera klart til hausten.
– At det er sprik mellom vurderingar er noko vi veit om, seier Jensen.
Jensen har ikkje sett karta for Kvestad frå 80-talet som friskmelde garden, men seier geologane har betre metodar i dag, 30 år etter.
– Faresona var sikkert riktig på 80-talet og kan stå seg den dag i dag, men vurderinga i dag er altså litt annleis, seier Jensen.
Halve bustadhuset på Kvestad ligg i raud faresone for skred. – For å retta meg etter ting så har eg lyst å forstå, seier Haakon Kvestad.
Foto: Tale Hauso / NRKDet er den draumen
Huset på Kvestad skin i sola. Det er ikkje lett å sjå at det påkosta gardshuset er frå 1862.
– Den investeringa vil vera lite verdt i ei slik sone som huset ligg i no, seier Haakon.
For Haakon er heimgarden ein viktig del av livet. Han tar ein liten pause, og røysta blir litt lågare når han skal svara på kva plassen betyr for han.
– Eg kjenner vel litt på den korte perioden me er her, og at me får lov til å ta vare på og føra vidare det fleire generasjonar før har jobba med. Dette blir vel sterkare dess eldre eg blir, kjenner eg. Det blir ein slags stoltheit.
Han har ikkje gitt opp håpet om at jobben han har gjort, skal førast vidare. Men den usynlege streken ligg der og gneg.
Skal garden sikrast må det skje gjennom at kommunen søkjer NVE om pengar. Det har ikkje Ullensvang kommune gjort fordi dei heller har ynskt ei ny vurdering av faresonene for å finna ut om karta stemmer. Det har NVE ikkje gjort.
Hilde drøymer om å utvikla familiegarden vidare. At ho som odelsjenta framleis skal få bygd draumehuset som ho har planlagt sidan ho var lita.
– Det er for enkelt å berre seia at du bur i ei kjempefarleg sone og stoppa alt av nybygg og aktivitet, utan noko vidare oppfølging. Noko må skje, seier Hilde.
Les også:
Hei!
Er du mellom 20-24 år, og har ikkje tenkt å stemma?
Då vil eg gjerne snakka med deg!
Hei!
Har du eit tips om dette temaet du meiner vi i NRK bør sjå på? Send meg ein e-post.