Hopp til innhold

Sterk vekst i den maritime næringa

Frå 2004 til 2012 vart veksten i Møre og Romsdal firedobla.

Dette fartøyet, Seven Viking, var et av de store byggeprosjektene ved Ulstein verft i fjor.

Verftsindustrien og andre maritime tenester utgjer ein stor del av verdiskapinga i Møre og Romsdal. Her frå Ulstein verft.

Foto: Ulstein Group

Rekneskapstala for 2013 er enno ikkje klare, men tala for 2012 talar sitt klare språk: den maritime næringa hadde ei omsetning på heile 62 milliardar kroner. Til samanlikning var omsetninga på 1,49 milliardar kroner åtte år tidlegare.

– Heilt fantastisk

Arnfinn Ingjerd

Arnfinn Ingjerd er dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det viser ein fersk rapport frå Menon Business Economics. Rapporten vart utarbeida på oppdrag frå Maritimt Forum Nordvest.

– Utviklinga dei siste ti åra har vore heilt fantastisk, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd.

Møre og Romsdal er fylket med den høgaste verdiskapinga dei siste ti åra. I dag står den maritime næringa for 30 prosent av verdiskapinga. Det er høgare enn for noko anna fylke.

Tala tek utgangspunkt i norske reiarlag, utstyrsleverandørar, verft og maritime tenester, men ikkje fiskerinæringa.

Maritime Sunnmøre

Det er kommunane Ulstein, Herøy, Haram og Sande på Sunnmøre som er dei mest maritime. I Ulstein kjem heile åtte av ti arbeidsplassar frå næringa. Ifølgje Maritimt Forum er det Herøy som hatt den mest formidable veksten frå 2011 til 2012 på grunn av offensive reiarlag i ein sterk vekstfase. 1000 fleire er sysselsette i verftsindustrien og omsetninga har auka med to milliardar.

Trur veksten held fram

Ingjerd trur tala for 2013 vil vise til same stigande kurve når rekneskapen er klar, og at oppturen vil halde fram i åra som kjem.

– Kompetansen og pågangsmotet i klynga er større enn nokon gong. Konkurransen og samarbeidet mellom bedriftene skapar ei unik innovasjonskraft, seier han.

– Marknadsutsiktene er generelt positive, sjølv om vi alltid må rekne med svingingar. Verda treng kompetanse og teknologien som vert utvikla i klynga. Derfor er vi optimistar, seier han og legg til at eit fall i oljeprisen og den generelle verdsøkonomien er det som kan skiple vekstraten.

Berre petroleumsnæringa utgjer i dag ein større del av norsk eksport enn den norske maritime næringa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL