Hopp til innhold

Stengde vegar i Møre og Romsdal

  • Vegarbeid gir tidvis stengt veg i Dalsfjorden

    Fylkesveg 5890 i Dalsfjorden i Volda var stengt i fleire dagar etter eit steinskred 29. desember, men er no open for trafikk. Frå måndag 15. januar blir vegen tidvis stengt grunna utbetring av rekkverk langs vegen og bygging av ein skredvoll. Arbeidet skal pågå i om lag to veker.

    Vegen er open morgon og ettermiddag for skoleskyss, men blir periodevis stengt utanom dette.

  • Drageskaret i Sande stengd natt til 25. august

    Grunna vegarbeid blir delar av Fylkesveg 61 ved Larsnes stengt natt til fredag. Det skal gjerast arbeid med stikkrenner sør i Drageskaret like ved Larsnes sentrum. Vegen blir stengt frå torsdag 24. august klokka 23.00 til fredag 25. august klokka 06.00. Naudetatar kan passere ved behov. Det melder Møre og Romsdal Fylkeskommune.

  • Valderøytunellen stengd

    Politiet har stengd Valderøytunnelen i Giske grunna ein bil som har mista eit dekk. På X melde politiet først om redusert framkommelegheit. Grunna trafikktryggleik har dei no avgjort å stenge tunnelen heilt. Bilbergar er på veg til staden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL