Konkurransen om rammeavtale for rådgjevings- og prosjekteringstenester til fellesprosjektet Arna-Stanghelle blir avlyst. Årsaka er at konkurransegrunnlaget viser seg å vere uklart. Dette er det naudsynt å rette opp i for å sikre ein effektiv konkurranse.
Avtalen, som vart lyst ut i vinter, er på inntil 2,2 milliardar kroner, og er den største rådgjevingsavtalen som nokon gong er lyst ut i Noreg.
Statens vegvesen og Bane Nor trur forholda kan ha påverka deltakarinteressa i konkurransen. Ny konkurranse blir kunngjort like etter påske.
Strekninga mellom Arna og Stanghelle mellom Voss og Bergen er ein viktig del av hovudkorridoren for transport mellom Bergen og Oslo, både på veg og jernbane.
Avlysinga vil føre til ei mindre forseinking på sju veker, men på lang sikt vil ikkje den påverke den planlagde framdrifta for prosjektet, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.