Stemmelaus hovudrolleinnehavar

Volda vidaregåande skule har denne veka framført den A-ha-inspirerte musikalen Cry Wolf. Skulen har sette opp musikalar i over 20 år, men i år gjekk ikkje alt etter planen. Ein av hovudrolleinnehavarane, Sander Bjørkedal, mista nemleg stemma. Då vart gode råd dyre og manusforfattar og lærar Gunnar Aurdal måtte steppe inn. Sjå innslaget her.

Lærar Gunnar Aurdal og elev Sander Bjørkedal
Foto: Arne Flatin / NRK