Stemmelaus hovudrolleinnehavar
Volda vidaregåande skule har denne veka framført den A-ha-inspirerte musikalen Cry Wolf. Skulen har sette opp musikalar i over 20 år, men i år gjekk ikkje alt etter planen. Ein av hovudrolleinnehavarane, Sander Bjørkedal, mista nemleg stemma. Då vart gode råd dyre og manusforfattar og lærar Gunnar Aurdal måtte steppe inn. Sjå innslaget her.