NRK Meny
Normal

Steinskred på Oppdølsstranda

To bilar vart treft av steinmasser i Oppdølsstranda. Ein person er teken hand om av ambulansepersonell.

To bilar tatt av ras
Foto: Jan Erik Vangen

Steinras Sunndal

Steinraset dekte 100 meter av vegen.

Foto: Kåre Frøseth

Politiet slo raskt det dei kallar "tilnærma katastrofealarm" og rykka ut med alle etatar.

Raset skjedde på riksveg 70 ved utgangen av andre tunnel på veg frå Sunndalsøra mot Kristiansund, opplyser operasjonssentralen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Sjå video av raset her: Bil tatt av steinras

Sjå innslag frå Kveldsnytt her: To biler tatt av steinras

Rasfaren på Riksveg 70 er ikkje eit nytt fenomen.

- Stort ras

- Vi føler vi har kontroll no, og håper ingen fleire bilar er involvert, sa operasjonsleiar Jan Erik Kjelle ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt ved 22-tida søndag kveld..

- Det har vore eit stort, betydeleg ras. Det er om lag 100 meter breidt, og vegen kan bli stengt lenge, fortel Kjelle.

Steinskred Oppdølstranda
Foto: MMS- Eystein Opdøl

Fysisk sperra

Rundt midnatt var vegen sperra i eit 6,5 kilometer langt belte.

- Vi har sperra vegen fysisk, for å hindre at nokon tek seg inn i området, seier Kjelle.

Kan bli langvarig

- Vegen er stengt mellom Sunndal og Oppdøl. Omkøyring er skilta, og beste alternativ er riksveg 62, fortel han.

No ventar politiet på vegstyremakter og geologar som kan kome å opne vegen att.

I følge operasjonsleiar Kjelle er det umogleg å seie kor lenge vegen no blir stengt. Det blir det opp til geologane å avgjere.

To bilar i raset

Fjellet over rasstaden er nemleg usikkert.

- Det var to bilar som vart teke av raset. I den eine sat eit par, som kom uskadde frå det, men bilen fekk skader. I den andre bilen sat ein person, og han er teken hand om av ambulansepersonell, seier Kjelle.

Politiet fekk melding like før klokka 20.30.

Steinras i Sunndal

Raset skjedde ved tunnel nummer to på veg frå Sunndalsøra mot Kristiansund.

Foto: Grafikk / NRK