Hopp til innhold

Omstridd vegstrekning

Området der raset gjekk er omstridd. Rassikringa har vore eit krav i årevis.

Seinast i april skreiv Tidens Krav om ein aksjon for å få tunnel i Oppdølsstranda. Aksjonen var det elevar ved Sunndal ungdomsskule som stod bak.

I tillegg var også ordførarane i Sunndal og Surnadal, Mons Otnes og Tove-Lise Torve på plass under markeringa.

Viktig lokalt

Leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Frank Sve, sa då at sikringa av vegen stod fast i forslaget til Nasjonal Transportplan.

Før valet i fjor haust stod også rassikringa på sakslista, og såg ut til å bli viktig for valkampen i Sunndal. Framstegspartiet trekte då fram Oppdølsstranda som ei viktig kampsak. Ordførarkamp i Sunndal

Årelang debatt

Mai 2008: Politikarar diskuterte saka med Samferdselsdepartementet. Optimisme om rassikring

November 2007: Kostnaden på tunnel blir større enn venta. Tunnelbudsjetta vil sprekke

April 2007: "Oppdølsstranda er ei av dei styggaste skredutsette vegstrekningane i landet." Nasjonal rassikringsgruppe

September 2006: Vegen stengd i fleire timar grunna ras. Ras på Oppdølsstranda