Hopp til innhold

Her raser steinane ned

Store steinblokker dundra nedover fjellsida då vegvesenet starta oppryddingsarbeidet i Gråura. Nabo Ingebrigt er ikkje overraska over raset som gjekk på laurdag.

Store steinblokker raste då vegvesenet starta ryddearbeidet.

Måndag byrja arbeidet med å rydde opp etter raset som gjekk i Gråura laurdag kveld. Store steinmasser stengjer riksveg 70 mellom Sunndalsøra og Oppdal.

Nabo Ingebrigt Vollan var førebudd på at det ein dag kom til å rase.

– Eg er slett ikkje overraska. Eg har site og sett opp mot fjellet kvar dag, så dette visste eg kom til å kome.

– Skulle ha vore tunnel

Store steinmasser kom dundrande ned fjellsida og framleis er det laus masse og ei stor steinblokk i fjellsida som må fjernast før ein kan byrje å rydde vekk steinen i vegbana.

Området der steinraset gjekk er eit kjent rasfarleg område.

– Vi er livredde når vi køyrer forbi. Steinane heng fram i lause lufta alle vegar, seier Ingebrigt Vollan.

– Det skulle ha vore bygd tunnel her for lenge sidan, men det trur eg ikkje blir i mine dagar.

Ingebrigt Vollan ved Gråura

Ingebrigt Vollan meiner det er skulle ha vore bygd tunnel for lenge sidan.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vegen vil ikkje opne før om nokre dagar

Vegvesenet har følgt med på utviklinga i dette området over tid, seier seksjonsleiar i Statens Vegvesen, Torgeir Bye,

– Dette er eit område der det er gjort mykje skredsikringstiltak allereie og vi har strekninga under oppsyn kontinuerleg.

Bye seier til NRK at dei framleis trur at det kan ta nokre dagar før vegen kan opnast.

– Vi trur vegen kjem til å bli stengd i nokre dagar. Vi får sjå på slutten av dagen kor langt vi har kome. Vi må sikre området før det er sikkert å sleppe gjennom trafikk.

Ras i Gråura

Mellom 300 og 500 kubikkmeter masse har rasa ned frå fjellsida og ned på Riksveg 70 mellom Sunndal og Oppdal.

Foto: Bent Ovesen