Sande stadion har fostra fotballspelarar som søstrene Ada og Andrine Stolsmo Hegerberg og Guro Reiten. Svært mange fotballspelarar i aldersbestemte klasser frå store deler av Noreg kjenner stadionet gjennom deltaking av turneringa Hydro cup.
Natt til onsdag dundra ein kampestein ned den bratte fjellsida og knuste den eine lagleiarbenken på sidelinja.
Det var avisa Driva som omtalte saka først. Kunstgrasbana og ein tursti i området er stengt til kommunen har fått oversikt over situasjonen.
– Store mengder stein lausna 3–400 meter oppe i fjellsida. Mesteparten blei fanga opp av ein rasvoll like ovanfor stadion. Men denne steinen har rotert og har kome over vollen og rett ned på stadion, seier Bjørn Røkkum til NRK.
Dei siste undersøkingane viser at store deler av steinmassane har spreidd seg over eit større område i skråninga utanfor stadion.
– Denne store steinen har knust innbytarbenken på sidelinja, fortel Røkkum.
Kunstgrasbana på Sande stadion er no stengd.
– Vi set opp skilt og sperringar. Området rundt med tursti er også stengt. Så skal vi ta ei nærare vurdering om nokre få dagar.
Det har vore eit langvarig, samanhengande regnvêr i store deler av juli. Røkkum ser ein samanheng mellom vertilhøva og steinspranget som har gått.
– Det regna kraftig i natt. Og vi reknar med skredet har kome som følgje av dette, seier han.