Hopp til innhold

Statoilsjefens mor (96): – Eg er litt stolt, men eg brukar ikkje å flakse rundt med det

Når Eldar Sætres mor blir spurt om kva ho syns om sonens nye toppjobb lener ho seg godt tilbake og ler. Ho vil ikkje skryte for mykje, men innrømmer at det er stort at han no er leiar for eit internasjonalt selskap.

Eldar Sætre konstituert som fast konsernsjef i Statoil, på Vartdal i Ørsta er de stolte. Sambygdingene er overbevist om at han kommer til å gjøre en god jobb.

Sambygdingane er overbevist om at Eldar Sætre kjem til å gjere ein god jobb i Statoil. Mor er stolt, men vil ikkje skryte for mykje.

På Vartdal i Ørsta har dei no ein sambygding som er toppsjef i Statoil. På daglegvarebutikken blir den nye Statoil-sjefen mykje snakka om i dag. Dei er overbeviste om at vartdalingen kjem til å gjere suksess.

Bjarte Roth

Bjarte Roth har god tru på sambygdingen Eldar Sætre.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Han kjem til å gjere det veldig bra, seier butikkarbeidaren Bjarte Roth.

På skikkeleg sunnmørsk legg han sjølvsikkert til: «Oss sunnmøringa kan ditta. Oss kan ditta med penga».

Han er ikkje den einaste som har trua på Eldar Sætre. Arne Boska meiner at vartdalinga veit godt korleis ein skal leie.

– Vartdalingane er jordnære, dyktige og innovative. Vi er veldig kry over at ein gut frå bygda greier å markere seg på denne måten, seier han.

Mor om sonens nye jobb

Mor til Eldar Sætre om den nye jobben hans i Statoil

Mor til Eldar Sætre fortel at toppjobben i Statoil er over all forventning.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Eldar Sætre var styrets førsteval, og har hausta berre lovord hos Statoil-styret. Sætre som til no har vore konstituert i stillinga, sa tidlegare at han ikkje ønska jobben.

Mor til Sætre, Emma Johanne Sætre (96), vil ikkje skryte for mykje av sonen, men innrømmer at dette var over all forventning.

– Du er vel litt stolt og glad?

Eldar Sætre

Eldar Sætre sa først at han ikkje ønska å bli konsernsjef permanent, men han har no endra meining.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Jau, litt i bakhovudet. Men eg brukar no ikkje å flakse rundt med det, seier 96-åringen.

Ho spring kanskje ikkje rundt i bygda for å fortelje nyheita til alle, men ho er stolt over at sonen har streva seg fram sjølv. Ho fortel at ho alltid har tenkt at han kom til å arbeide seg framover mot ei god stilling i arbeidslivet.

– Han var den typen som gjerne låg i bakgrunnen ei stund for å så plutseleg komme fram. Men dette er mykje over mine forventningar må du skjønne, seier ho.

– Berre ein ting har forandra seg ved han

Oddrun Godø, søster til Eldar Sætre

Storesøstera Oddrun Godø seier at Eldar er akkurat den same no som han alltid har vore.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Storesøstera Oddrun Godø har gode minner frå tida då dei vaks opp saman på Vartdal. Ho seier at broren ikkje har forandra seg i det heile etter 35 år i Statoil. Eller – ein ting har kanskje forandra seg litt.

– Han har lagt litt på seg. Han har nok ete mykje god mat, men han har ikkje forandra seg. Han er akkurat den same, seier ei stolt søster.