Hopp til innhold

Såg tjuven stikke av med verdifull basarkasse

Politiet jaktar fleire aktuelle gjerningsmenn, etter at ein frekk tjuv stal ei basarkasse frå Kirkelandet kirke i Kristiansund. I kassa var det eit betydeleg kronebeløp.

Kirkelandet kirke

Her, frå Kirkelandet kirke i Kristiansund, blei ei basarkasse med mange tusen kroner stolen tidleg fredag ettermiddag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det var fleire tusen i basarkasse. Vi driv no og sjekkar ut aktuelle gjerningsmenn, seier operasjonsleiar Thorry Aakenes til NRK.

Politiet i Nordmøre og Romsdal fekk melding frå kyrkjetenaren i Kirkelandet kirke klokka 12.50. Då hadde ein frekk tjuv robba med seg ei basarkasse ståande i kyrkja.

– Personen blei observert då han forlét kyrkja, og vi har fått ein skildring av personen, seier Aakenes.

Trur tjuven kan ha dumpa kassa

Kassa er ei trekasse, og politiet trur tjuven fort kan ha dumpa kassa.

– Så om nokon finn den så er vi interesserte i få tak i ho. Tjuven kan fort ta innhaldet, og legge frå seg kassa.

Aakenes fortel at politiet no etterforskar saka.

Liknande tilfelle i jula 2012

I romjula i fjor skjedde det eit liknande tilfelle i Kristiansund, då ein tjuv tok med seg heile kollekten frå Nordlandet kirke.

Då skjedde tjuveriet på natta, og heile 16.000 kroner forsvann sporlaust.

I etterkant av tjuveriet starta derimot Nadia og Kenneth Strand Stubø ein innsamlingsaksjon. Paret gifta seg i kyrkja like etter tjuveriet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL