Hopp til innhold

Gjekk 30.000 skritt på 15 timar for eit slag «ekstremgolf»

Her går alt frå barn til pensjonistar lenger enn eit halvmaraton. Ei turnering i maratongolf krev spel frå tidleg morgongry til sein kveld.

Golfere med i Surnadal golfmaraton

Å gå 24 kilometer under eit slag golf, skremmer ikkje Tor Oterhals (t. v.). – Eg kunne tatt ein runde til i natt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det er så ekstremsport som du kjem i golf. Det er kjempeinteressant å sjå korleis kroppen reagerer på dette her, seier Torstein Snekvik.

Mange tenkjer på det som ein roleg sport med lite røsler, men det inneber faktisk ein god del gåing frå hol til hol.

Det vanlege er å spele 18 hol, men i ekstremvarianten i Surnadal gjekk dei for 54 då dei arrangerte turnering i maratongolf.

– Vi alle elskar å spele golf, så å tilbringe ein heil dag på golfbana er kjempekjekt, seier Snekvik.

Det gjekk drygt 15 timar frå dei starta 07.30 på morgonen til alle var ferdige. Skritteljarane enda på rundt 30.000 skritt. Dei gjekk truleg rundt 24 kilometer, lenger enn eit halvmaraton.

– Vi begynner å kjenne det litt i kroppen etter å ha spelt to rundar, med ein heil igjen, men det er kjempeartig, fortel han vidare.

Blei fullbooka i november

Det har vore gjort likande turneringar andre stader, men det er ikkje mange. Turneringa i Surnadal blei fullbooka i løpet av 14 dagar i november i fjor.

– Vi har fått vanvitig respons. Eg trur det er fordi det er spesielt, og litt ekstremt, seier turneringsleiar Knut Haugen.

Knut Haugen i Surnadal golfklubb

Knut Haugen i Surnadal golfklubb ville prøve noko nytt for å skape blest om klubben. Det blir ein årleg konkurranse.

Foto: Marius andré Jenssen Stenberg / NRK

Ein høyrer eit brøl av forarging frå ein av golfarane som slo eit dårleg slag. No står makkaren hans Tor Oterhals berre nokre centimeter unna holet og skal putte ballen rett nedi. Så snirklar også denne seg listig forbi.

– Det var surt, men det går opp og ned heile runden. Ein må ta det med eit smil, for vi har mange slag igjen, seier Tor Oterhals.

Tor Oterhals, Surnadal Golfklubb

Her ville kula helst ikkje ned for Geir Garthe og Tor Oterhals, men humøret var straks på topp igjen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Slaga blir kanskje mindre og mindre treffsikre utover turneringa, men det er ingen tvil om at det sosiale det handlar om. Spelarane deltar i duo og slår annakvart slag. Fire går saman i lag, og mellom rundane er det mat.

– Eg trivst som berre juling. For meg kunne vi gått ein runde til i natt, seier Tor Oterhals, litt over halvvegs.

Golfer tar seg en hvil under golfmaraton.

Stian Oterhals tar det ein velfortent kvil mellom slaga: - Når eg har pint meg gjennom dette her skal eg ha meg ein iskald pils etterpå, seier han spøkefullt.

Surnadal golf maraton maratongolf

Marius Kvande studerer nøye før han skal putte ballen, og det klarte han.

Surnadal golf maraton maratongolf

– Det er artig å gå saman far og son. Golf er ein fin sport som alle kan spele under dei same føresetnadene, seier Tor Erik Kvande.

Surnadal golfmaraton. Steffen Iversen.

– Eg kjenner det i rygg og sånt, men det er gamle fotballskadar, så det går fint, seier tidlegare fotballspelar Steffen Iversen.

Surnadal golf maraton maratongolf

Det var 56 deltakarar som var med på golfmaraton.

Ola Løvold golfmaraton Surnadal

– Stemninga er heilt topp. Golfen er variabel, stabilt ustabil, men det går veldig bra, seier Ola Løvold.

I ferd med å ta igjen skisporten

– Dette er ein artig vri som bidrar til det aller viktigaste i golfen, det sosiale, seier Tom Rosenvinge, kommunikasjonssjef i Norges Golfforbund.

Tom Rosenvinge

Folk strøymer til golfsporten for tida, seier Tom Rosenvinge, kommunikasjonssjef i Norges Golfforbund.

Foto: Norges Golfforbund

Golf er med 120.000 medlemmar det fjerde største særforbundet i Noreg, og pustar no skisporten i nakken. I starten av 2019 hadde dei berre 95.000.

– Veksten er enorm, og det er tydeleg at golfen passar godt inn i folk sin kvardag for tida under korona. Vi ser at den same veksten held fram i år, seier Rosenvinge.+

Vi høyrer med Tor Oterhals etter løpet, for å høyre om han framleis kunne spelt på nattestid. Det står han framleis på.

– Kroppen var like fin. Tida gjekk så fort, og alle var positivt overraska over kor lite slitne dei faktisk var, seier han.