Hopp til innhold

Spelte jamnt med topplaget

Volda tapte på nytt, men spelte til tider ein god og jamn kamp mot eitt av topplaga i 1.divisjon, Skrim frå Kongsberg.

Intervju med Volda-keeper

Ved pause leia gjestene 14-13, og med to-tre raske scoringar ikkje langt ut i 2.omgang bikka det topplaget sin veg. Etter dette greidde Volda-damene aldri å nærme seg Skrim lenger, og dermed vart det 25-21 til bortelaget i Voldahallen.

Men Volda starta friskt og heldt følgje og leia til tider kampen før pause, støtta av eit entusiastisk men ikkje fulltallig publikum på heimebane.

Tøffe tak då Volda tapte for Skrim

Tøffe tak då Volda tapte for Skrim.

Foto: Arne Flatin / NRK

Lagets store spelar, Laima Bernataviciute, vart markert i delar av 1.omgangen, men greidde likevel å rive seg laus, og vart toppscorar med sju fulltreffarar totalt sett. Dei andre målscorarane på Volda var Aukese Aglinskiene (4), Kaisa Holsvik (3), Caroline Rud Helgesen (2), Olivia Kiss (2), Linn Johanne Berg (1), Karoline Dyrhol Slenes (1) og Kristine Håheim Vike (1).

Nye spelarar

Volda hadde framfor denne kampen styrkt laget med Hilde Egset som er tilbake i laget etter å ha spelt for Utleira i Trondheim i same divisjon. I tillegg var Karoline Dyrhol Slenes frå Ørsta på plass. Ho har mellom anna erfaring frå topplaget Tertnes. Begge desse får Volda endå meir glede av i sesonginnspurten. I dagens kamp spelte dei berre periodevis. Line S.Hagen er også klar for Volda igjen, men ho var ikkje speleklar til kampen mot Skrim.

Volda tapte for Skrim

Volda heldt bra følgje med Skrim i store delar av kampen, men brente for mange sjansar som her.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dette betyr at Volda framleis ligg under nedrykksstreken i 1.divisjon, men tabellen er jamn og det er ikkje meir enn 2-4 poeng opp til ein midtplass på tabellen. Volda har dobbeltkamp i Oslo neste helg mot Njård og Rælingen og bør hente poeng ikkje minst mot sistnemnde som også ligg under streken på tabellen med like mange poeng som Volda (10).