Søppel har teke fyr i eit vogntog

Det brenn framleis godt i hengaren som står på fylkesveg 64 Bergkallneset i Isfjorden. – Det er søppel som vogntoget var lasta med som tok fyr, seier Jan Åge Ferstad i politiet. Det er manuell dirigering på staden, og det vil ta tid før brannen blir sløkt opplyser Ferstad.