Hopp til innhold

Sommarblomster gir juniglede

Nordmenn får visst aldri nok av sommarblomster. Rundt 60 millionar planter set vi i jorda i løpet av ein sommar. Juni byr på masse blomsterglede.

Per-Gunnar Holmberg med sommarblomster

Per-Gunnar Holmberg er dagleg leiar i Holmbergs Gartneri. 1500 kvadratmeter med sommarblomster i gartneriet skal gi både juni- og sommarglede for mange, lovar han.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Krukker og urner, verandakasser og blomsterbed, alt blir i desse dagar fylt opp med planter og blomster i herlege fargar og fasongar.

Ole Peder Holmberg

Ole Peder Holmberg hjelper gjerne til i gartneriet når han har sjanse til det.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– I år reknar vi med at gartneri her i landet produserer om lag 60 millionar planter som skal setjast i jorda utandørs. Stort sett er dette sommarblomster, seier Tove Ladstein, ved Opplysningskontoret for blomster og planter.

Dermed er det god grunn til å tru at sommarblomster står i sin finaste skrud frå den minste veranda og trappekrok, til dei største hagane og terrassane rundt om i landet.

Sommarblomster for milliardar

Noreg er stort sett sjølvforsynt med sommarblomster, får vi vite hos det same Opplysningskontoret.

Prisane på dei vakre godsakene, varierer frå eit par kroner stykke til over 300. Det store prisspranget gjer det vanskeleg å vite nøyaktig kor mykje det blir omsett for kvar einaste vår og sommar.

Evelyn Holmberg

Evelyn Holmberg legg ned mange arbeidstimar for å få til vakre sommarblomstrar kvart år.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Sikre tal har eg ikkje, men eit estimat kan vere rundt tre milliardar kroner, antydar Ladstein.

Uansett pris, sjarmerer dei oss i senk, dei vakre blomstrane i all sin fargeprakt og fasong. Lommebøkene og bankkorta får føter å gå på i sommarmånadane.

Store krukker – store blomster

Holmbergs Gartneri har i snart 65 år spreidd blomsterglede frå anlegget sitt i Velledalen i Sykkylven. Det starta med kålplanter i 1952, men har gradvis blitt eit reint blomstergartneri. No har dei sommarblomster og planter på eit 1500 kvadratmeter stort område.

– Trenden vi ser i år, er at kundane ønskjer store krukker med store blomster. Desse ønskjer dei å ha på terrassen, ved inngangspartiet til huset eller ståande fritt omkring, seier dagleg leiar, Per- Gunnar Holmberg.

Mandevillablomst

Mandevilla er ein av dei høge plantene som har blitt svært populære siste tida.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Verandakasser er ikkje like mykje i bruk no som for få år sidan. Men moten innan blomsterverda endrar seg raskt, og Holmberg spår at desse avlange blomsterkassene som mange festar på verandarekkverket, nok kjem tilbake i motebildet.

Tradisjonelle på mange vis

Erfaringa til den røynde gartnaren, er også at det er kvinner frå 40 år og oppover som er dei ivrigaste blomsterkjøparane.

Damene står for blomster- og fargevalet, medan mennene tek seg av plen, hekk, frukt- og pyntetre, seier Holmberg.

Også i valet av sommarblomster er vi nordmenn temmeleg tradisjonelle.

Gunvor Holmberg

Gunvor Holmberg elskar blomster, og har heile sitt vaksne liv arbeidd med fargerike, vakre planter. I nær 60 år har ho arbeidd i gartneriet til familien i Velledalen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Dei held på det faste, stort sett. Det varierer frå landsdel til landsdel kva som er mest populært, men nummer ein på popularitetsbarometeret er utan tvil hagestemor. Hos oss er også surfinia, hengepetunia, svært populær, seier Holmberg.

Dei andre i rekkja av dei mest populære sommarblomstrane i landet, er margeritt, lobelia, pelargonia, tagetes, spansk margeritt og potterose.

Gartneriet i Velledalen har rundt 170 ulike variantar av sommarblomster. Surfiniaen finst i heile 20 ulike fargenyansar.

Veteranen sjølv, Gunvor Holmberg, la saman med mannen Ottar, grunnlaget for det som er eit populært gartneri for kundar frå Sykkylven til Stranda, Stryn og Romsdal.

No smiler ho til nok ein sommar full av blomsterglede.

Det fine veret vi har hatt no på tampen av mai, har inspirert mange til å plante ut sommarblomster. Og salet kjem nok til å auke ut over i neste månad.

Sjå også videoen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL