Hopp til innhold

Solli ny ordførerkandidat i Kristiansund Høgre

Vidar Solli vann avstemminga med stort fleirtal då Kristiansund Høgre valde ordførarkandidat onsdag. Han er klar for politikken.

Vidar Solli ny ordførarkandidat for Kristiansund Høgre

Vidar Solli vart onsdag valt til ny ordførarkandidat for Kristiansund Høgre. Frå venstre: Sidsel Sæterøy, Vidar Solli, Dagfinn Ripnes.

Foto: Kristiansund Høgre

Onsdag 30. april hadde Kristiansund Høgre nominasjonsmøte med meiner at Vidar Solli er den rette kandidaten til å leie partiet fram mot sider i kommunevalet 2015.

– Eg er veldig nøgd med å få den tilliten og den mogelegheita til å stille som kandidat, og eg er veldig klar for å ta fatt på den oppgåva, seier Solli til NRK.

Solli har hatt ulike leiarverv i Kristiansund i 20 år, og har dei siste åra vore ein markert leiar i Kristiansund Boligbyggelag.

– Eg har jo ikkje politisk erfaring, og sjølv om eg har ein god del erfaring frå næringslivet så får eg ei bratt læringskurve no i politikken, seier Solli og legg til at han ser fram til tida som kjem.

– Ein stiller som kandidat fordi ein har planar om i vinne, og med den støtta som ligg i partiet, og med den partipolitikken som er lagt så har eg veldig trua, seier Solli.

Har trua på Solli

Kristiansund Høgre meiner at Vidar Solli er den rette kandidaten til å leie partiet fram mot siger i kommunevalet 2015.

– Eg tykkjer dette er veldig bra, og det er spanande med ein kandidat som har vore utanfor Høgre-systemet, seier leiar i Kristiansund Høgre, Anita S. Winje.

Ho seier ho har fått gode reaksjonar frå mannen i gata, frå partimedlemmar, og frå partifellar i fylket, og ho har trua på Solli som ordførarkandidat.

– Han er ambisiøs, har lang erfaring som leiar og er ein samlande person, så dette blir eit spanande val, seier Winje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL