Hopp til innhold

Solevåg rett ut

Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund køyrde ut allereie etter dei første portane og er ute av dagens slalåm i VM i St. Moritz i Sveits.

Sebastian Foss-Solevaag gikk offensivt til verks og kjørte ut etter kun få sekunder.

– Du rekk ikkje å reagere før du ligg der, sa Sebastian Foss Solevåg til NRK etter slalåmrennet søndag.

Han har både førebudd og gledd seg til VM, men søndagens slalåmrenn i St. Moritz i Sveits varte berre to og ein halv port for ålesundaren.

Ga gass

Han forklarer det heile med at han tok i litt ekstra, meir enn han gjer til vanleg.

– Eg prøvde å gi gass ut frå start, men det var ikkje heilt dagen.

Humøret var det likevel ikkje noko å seie noko på etter fiaskorennet.

– Dette var ein klassisk Sebastian-feil. Eg kjem til å få huda full etterpå, ler Sebastian.

Ser framover

Foss Solevåg seier at ein berre må ta sjansar i eit VM, når ein ser kor tett det er mellom utøvarane.

– No håper eg berre at hardt arbeid over lengre tid goir resultat. Eg får berre stå på og trene. Eg har heldigvis mange år igjen og mange VM igjen.

– Dette var ei dårleg slalåm-helg for Spjelkavik IL.

Nina Løseth hadde nemleg også eit dårleg renn på laurdag. Ho var reelmedaljekandidat i slalåm, men det gikk skeis i slalåmrennet allereie etter 15 sekund.