ALPINEKSPERT: Bjarne Solbakken er NRK sin alpinekspert. Den tidlegare alpinisten frå Stranda har stor tru på Nina Haver-Løseth i årets sesong.
Foto: Hanne Skjellum Müller / NRKSesongstarten i storslalåm går i Sölden i Austerrike laurdag 28. oktober. Nina Haver-Løseth frå Ålesund er eitt av dei sterkaste norske korta, seier Bjarne Solbakken som er NRK sin ekspertkommentator i alpint.
– Nina har stabilisert seg på eit veldig høgt nivå. Ho har to andreplassar i verdscupen i storslalåm frå før. Eg trur vi kjem til å sjå Nina høgt på listene i år, seier Solbakken.
Teknikk og kjensler
VERDSKLASSE: Nina Haver-Løseth frå Ålesund blir å finne i verdstoppen ifølgje NRK-ekspert Bjarne Solbakken.
Foto: NRK– Nina har hatt svingingar gjennom sesongane sine, med opp og nedturar. Ho køyrer veldig mykje på kjensler og har fantastisk teknikk, men når ting buttar litt imot er ho sårbar. Det går ofte utover prestasjonane, seier Solbakken.
- Les også
Pallplass for Mowinckel
PALLKANDIDAT: Ragnhild Mowinckel frå Molde.
Foto: Hanne Skjellum Mueller, NRKRagnhild Mowinckel frå Molde har ambisjon om ein plass på pallen i årets sesong. Dette er fullt mogleg ifølgje Solbakken.
– Ragnhild er heilt klar som kandidat til å kome på pallen i løpet av sesongen. Ho har ein fjerdeplass i storslalåm i fjor, og er klar for å ta minst eitt steg vidare, seier Solbakken.
Han er derimot usikker på om pallplassen kjem i sesongopninga i Sölden.
– Ragnhild har ein 15.-plass som den beste plasseringa der. Ho har vore der fire gongar og kan ta det med i oppkøyringa, men det er ei tøff løype, så eg ventar ikkje den heilt store plasseringa i akkurat dette løpet, seier Solbakken.