Hopp til innhold

Søkte gjennom stort skred i turområde

Naudetatane søkte gjennom eit skred i Sykkylven laurdag kveld, men konkluderte med at ingen var tatt.

Skredet ved Fitjarvatnet

TURSTI: Skredet går over ein tursti ved vatnet.

Foto: Øyvind Hunnes

– Det går fotspor ut og inn av raset, men vi veit ikkje om dei er gamle, sa operasjonsleiar Tor André Gram Franck i politiet rett etter at skredet hadde gått i 19-tida laurdag kveld.

Stikk ut-post

Folk som bur i området fortel at den populære turkonkurransen Stikk ut har ein post der, så til trass i dårleg vêr, kunne det ha vore folk på stien då raset gjekk ved Fitjarvatnet eller Fetvatnet i Sykkylven.

– Raset går 150 meter ut i vatnet og det er 10 meter høgt, fortalte operasjonsleiaren.

Laster Twitter-innhold

Avslutta

Politiet melde klokka 2050 at dei framleis søkte, men at det ikkje var indikasjonar på at nokon var tatt.

Dei søkte gjennom raset med redningshund, men klokka 22.40 melde dei at søket var avslutta.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL