Hopp til innhold

Avsluttar skredsøk på Sunnmøre – åtvarar skiløparar mot fjellet no

Politiet trur ikkje nokon blei tatt av snøskreda som gjekk på Sunnmøre laurdag. Utsiktene til pudderkøyring lokkar mange på ski trass betydeleg snøskredfare.

Leitearbeid etter skred

Eit helikopter er sett inn i søket.

Foto: Bergljot Larsen

Politiet måtte ha hjelp frå Hovudredningssentralen då skredalarmen gjekk laurdag ettermiddag. Då gjekk fleire skred tett-i-tett i eit populært turområde på Sunnmøre. Etter intens leiting konkluderer politiet med at lite tyder på at nokon er tatt denne gongen.

Men helga er ikkje over. Dei siste dagane har det snøa svært mykje, og det lokkar mange skientusiastar på tur.

– Det er viktig å sette seg inn i dei lokale snøskredvarsla. No har det vore stort snøfall og mykje vind, og det er med på å auke snøskredfaren, seier operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt.

John Bratland

Operasjonsleiar John Trygve Bratland seier det har vore folk i området på ski, men dei veit ikkje om nokon er tekne av skredet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Dårleg sikt

Det var til dels svært dårleg sikt for mannskapa som leita over skreda rundt fjella Overøyestolen, Kollen og Auskjæret i Fjord kommune på Sunnmøre. Ei stund var det difor vanskeleg å sjå om det gjekk skispor inn i skredområdet. Vêrvarselet er ikkje betre for søndag, som tradisjonelt er ein stor utfartsdag. Då er det meldt vind og snø i høgda.

Ifølgje NTB sende NVE tidlegare laurdag ut melding om betydeleg snøskredfare mellom anna på Sunnmøre.

Les også Her kan det kome ein halv meter snø

Frå turløypa mellom Ullsheim og Stryn, mot hyttegrendene ved Stryn Skisenter

– Kom veldig fort

Bergljot Larsen og mannen er på hytta si på Overøye i Fjord kommune denne helga for å måke dei enorme snømengdene. Dei såg eitt av skreda gå laurdag ettermiddag.

– Vi sto og såg på og sa til kvarandre «hjelpe meg så fort det gjekk», seier Larsen. Ho meiner farta var slik at det ikkje var mogleg å kome seg vekk, dersom nokon hadde vore i området.

Ho seier mange stader der ein vanlegvis ikkje har brukt å renne på ski frå gamalt av, no blir tatt i bruk av laussnøkøyrarar.

Ifølgje politiet var skreda som gjekk laurdag truleg naturleg utløyste, og ikkje som følgje av skikøyrarar.

"Blåfonna" ved Fet i Sykkylven gikk ved 09-tida onsdag 9. februar 2022.

«Blåfonna» i Sykkylven på Sunnmøre gjekk tidlegare denne veka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL