Hopp til innhold

Her kan det kome ein halv meter snø

Hent fram snøskuffa! Meteorologane varslar om mykje snø på Vestlandet og i Trøndelag.

Frå turløypa mellom Ullsheim og Stryn, mot hyttegrendene ved Stryn Skisenter

SNØRIKT: Fleire stader i Sogn og Fjordane nærmar snødjupna seg to meter.

Foto: Hildegunn Hatledal

– Det kan kome ein halv meter med snø i løpet av eitt døgn, seier meteorolog Haldis Berge ved Meteorologisk institutt.

Dei har sendt ut farevarsel for mykje snø for Vestland, Trøndelag og Møre og Romsdal.

På ein av dei mest populære skiutfartsstadane i Sogn og Fjordane, Sogndal skisenter, er det alt kome 1,7 meter snø utanfor løypene.

Ventar opp mot 50 cm med snø

Sjølv om veka starta roleg for dei fleste, så vil dette snart endre seg. Eit lågtrykk som ligg vest for Island kjem til å sette sitt preg på vêret dei neste dagane.

For Vestland er det venta 30–50 cm med snø frå tysdag ettermiddag og fram til onsdag kveld. Dette gjeld for område 300 meter over havet.

– Det er venta pålandsvind og byevêr dei nesta dagane, seier Berge.

Det er venta kuling frå vest. I fjellet blir det vestleg stiv kuling, og onsdag kan det bli periodar med sterk kuling.

Eit lågtrykk vest for Island er på veg mot Norge.

PÅ VEG: Dette lågtrykket vest for Island er på veg mot Noreg. Det kjem til å dominere vêret dei nesta dagane, åtvarar meteorologane.

Foto: Meterologisk institutt

Snø og is

Også folk i Trøndelag og i Møre og Romsdal må henta fram snøskuffa. Også her er det sendt ut farevarsel om mykje snø. Dette gjeld frå tysdag kveld og fram til torsdag.

Her kjem det mykje snø både i låglandet, og særleg i fjellet. Det vil vere store lokale forskjellar, men lokalt kan det kome mellom 15–30 cm snø i løpet av eitt døgn.

Også i Oslo og Akershus kan dei vente seg vinter, men her er det ikkje farevarsel for snø, men for at det blir isete og glatt.

Kan bli stengde fjellovergangar

Vegtrafikksentralen ber sjåførar vere obs. Allereie i dag er det fleire stengde vegar og kolonne på fjellovergangane.

Mellom anna er fylkesveg 53 Tyin- Årdal og riksveg 13 Vikafjellet stengde, medan det er kolonnekøyring på Hardangervidda.

– Når det no kjem mykje snø kombinert med litt vind, så kan det bli stengde vegar og meir kolonnekøyring, seier trafikkoperatør Jan Marøy i Vegtrafikksentralen.

Han oppmodar folk som skal ut på lengre turar om å sjekke vêr og veg før dei reiser av garde.