Hopp til innhold

Snøskred ved skitrekk på Strandafjellet - søk avslutta

Det har gått eit snøskred ved skitrekket på Strandafjellet i Møre og Romsdal. Det er uvisst om nokon er tatt av skredet, men politiet seier det er liten grunn til å tru det. Søket er difor avslutta.

Luftambulansen over Strandafjellet etter snøskred.

Luftambulansen har gjennomført eit grovsøk i skredområdet.

Foto: Tipser

Siste: Søkerbeidet i skredområdet på Strandafjellet blei avslutta torsdag kveld. Ingen er sakna, det går ikkje spor inn i området og det er ikkje nokon indikasjon på at der var nokon, opplyser politiet. Skredet gjekk torsdag ettermiddag, og forholda og mørket gjorde at søket blei avslutta.

Det gjekk eit snøskred eit stykke utanfor skitrekket på Strandafjellet cirka klokka 16.30 torsdag ettermiddag. Skredet skal vere om lag 150 meter breitt, 300 meter langt og to meter djupt.

Christian Vegsund i politiet seier dei ikkje har grunn til å tru at nokon er tatt av skredet.

– Det er ingen som er meldt sakna og det var ingen spor inn i skredet.

I 19-tida seier Vegsund at aksjonen framleis går føre seg, men at det er vanskelege forhold.

– No er her ikkje dagslys, det snør tett og er dårleg sikt. Det er framleis farleg å opphalde seg inne i skredområdet, som gjer at vi ikkje har moglegheit til å gå inn for å gjere søk.

Torsdag kveld blei det bestemt å avslutte på staden.

– Politiet må få inn nye signal om sakna personar eller spor inn i området for å ta opp igjen arbeidet, seier operasjonsleiar Arild Reite fredag morgon.

Luftambulansen på plass på Strandafjellet etter snøskred
Foto: Tipser

Utanfor skiløypene

– Det er eit stort ras som har gått der ute, seier Ståle Fjørstad frå Strandafjellet skisenter.

Ståle Fjørstad, Strandafjellet skisenter

Ståle Fjørstad i Strandafjellet skisenter seier skredet har gått eit stykke utanfor skiløypene.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Han understreka at skredet ikkje har gått i løypene deira, men nokre hundre meter utanfor skitrekket sitt område.

Har gjort søk

Per Åge Ferstad i politiet seier luftambulansen fekk gjort nokre grovsøk i skredområdet medan det framleis var lyst ute.

– Det er vanskelege forhold med mykje snø i lufta. Luftambulansen har no trekt seg ut, og dei såg ikkje noko i søket. Det er framleis mykje snø, og der er ein skredkant, så per no anser vi at det er for farleg å gå fysisk inn i sjølve rasområdet.

Skredet har gått vest for Furset-trekket. Det skal ha blitt ført fleire hundre meter nedover fjellsida.

Ferstad seier dei ikkje trur at nokon er tekne av skredet.

– Det er også god mobildekning i dette området, og det er ingen som har meldt frå. Difor har vi eit håp om at det ikkje er nokon som er tatt i skredet, men vi gjer vårt ytterste og har sett inn det vi kan av mannskap som er klar til å gå inn i området viss det viser seg at det er forsvarleg, seier Ferstad.

Frå Strandafjellet skisenter

Skredet har gått oppe i fjellet, og skal vere 150 meter breitt.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL