Hopp til innhold

Snøballkrig enda med samfunnsstraff

Titt og ofte hender det nok at ein snøballkrig kan «ta av». Ofte kan slike snøballkrigar ende med refs og besøk på kontoret til rektor. Men denne snøballkrigen er spesiell. Denne hamna i rettsalen, og snøballkastaren blei dømd.

Snøball

Det var gode forhold for snøballkrig i Kristiansund i vinter. Men nokre snøballkrigar har ein tendens til å 'ta av'

Foto: Roar Halten / NRK

Som i så mange andre snøballkrigar, handlar dette om elevar. 7-8 klassekameratar frå Kristiansund var på tur på ein byggeplass. Dei kom til byggeplassen tidleg om morgonen. Det var januar, i ein snøfylt vinter og det blei ein del snøballkasting ut over formiddagen.

Mange snøballar i lufta

Ut over formiddagen dreiv klassekameratane og kasta snøballar på kvarandre. I eitt av tilfella traff ein av snøballane hovudpersonen i denne saka. Det kan sjå ut som om irritasjonen får ei stigande kurve ut over denne formiddagen. Ein time etter at hovudpersonen blei truffen av ein snøball held han ein is og snøklump over hovudet for å late som om han vil kaste denne. Men ein av klassekameratane slår til denne klumpen. Dermed får hovudpersonen sin eigen snø og is over seg, han dett i snøen og i fallet slår han hovudet i eit stillas.

– Blei irritert

Hovudpersonen har så forklart at han blei irritert og sette seg ned for å roe seg. Men i det han tok seg ein røyk blir det sagt noko som gjorde han irritert igjen. Han kjem så med ei åtvaring og forklarte at det «smeller» dersom klassekameraten ikkje sluttar å snakke slik.

Slo med knytta neve

Hovudpersonen sat ikkje lenger. Han hadde røyst seg opp. Så slo han klassekameraten med knytta neve. Han trur også sjølv at slaget var ganske hardt. Så kom klassekameratane og løyste opp i situasjonen ved å ta bort guten som hadde fått slaga.

Knakk nasen

Nordmøre tingrett konkluderer med at guten er skuldig etter tiltalen. Den knytta handa traff ansiktet til fornerma. Klassekameraten fekk broten nase, kuttskadar og hevingar over det høgre auget. Guten som slo får ei samfunnsstraff på 75 timar og til å betale ei erstatning på nesten 8000 kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL