Hopp til innhold

Såg snø for første gong

Dei fleste av dei hadde aldri før sett snø. Torsdag var det klart for aking og snøballkrig for 450 brasilianarar.

Sklitur i regnfrakken
Foto: Tom Anker Skrede

Guidar i snøen

Guiden Adi Tonolli, i midten, anslår at 90 prosent aldri har sett snø før.

Foto: Tom Anker Skrede

Det blei sol frå nesten skyfri himmel og knallver for brasilianarane som torsdag var inviterte til Strandafjellet Skisenter for å oppleve snø i Noreg. Ifølgje marknadssjef Tom Anker Skrede anslår guiden Adi Tonolli at 90 prosent aldri har opplevd snø før.

Åleine i fjellet

Og brasilianarane fekk ha fjellet for seg sjølv. For skisenteret er no stengt for sesongen, med nokre få unntak.

- Vi hadde ope sist helg, og prøvar også å opne igjen ei helg i månadsskiftet mai/juni. Det er mykje snø i fjellet endå, seier Skrede.

Snøballkrig for første gong

Snøballkrig i Noreg i mai.

Foto: Tom Anker Skrede

Snudde i Ålesund

Og det fekk brasilianarane erfare. Reisefølgjet på 450 kjem frå eit brasiliansk oljeselskap. Dei har ifølgje Skrede booka eit turistskip, og reiser frå Amsterdam via Oslo til Ålesund. Torsdag kveld forlet dei byen i strålande sol og så gjekk ferda sørover igjen.

- Dei fekk ein kjempedag på fjellet. Brasilianarane var som ein reinsflokk, dei var over alle haugar då dei kom seg ut i snøen, seier Skrede. Fleire forsøkte seg på snøballkrig i godt vaksen alder. Alle slags farkostar blei prøvde ut.

Joggesko i snøen

Dårleg veggrep

Joggesko gav ikkje det beste festet på Strandafjellet torsdag.

Foto: Tom Anker Skrede

Enkelte tok joggesko fatt oppover fjellsida, utan å finne det aller beste festet. Andre fekk ein tur på akebrett, og fleire tok også i bruk regnfrakkane sine for å få stor fart nedover fjellsida. Iflølgje Skrede var det lang kø for å få lov til å sitje oppå snøscooteren til Strandafjellet Skisenter.

På akebrett i snøen

Ein brasilianar fekk prøve akebrettet torsdag.

Foto: Tom Anker Skrede

- Det var ikkje snakk om å køyre, men berre sitje oppå. Det var kanskje 20 meter lang kø, gliser Tom Anker Skrede fornøgd etter dagen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL