Hopp til innhold

Snø skapar russekluss

Arrangørane av russetreffet i Lillehammer har køyrt bort 800 lastebillass så russen skal få feste.

Lars Nes i Olympiaparken har snart ein parkeringsplass tom for snø
Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Etter ein snørik vinter låg det 70 centimeter med snø på Birkebeineren skistadion. Neste helg skal det arrangerast russetreff på staden, og arrangørane har hatt sitt fulle hyre med å bli kvitt vinterens ettedønningar.

Russepresident på Lillehammer vidaregåande skule Ane Birkeland og Frida Schneider ved NTG

Russepresident på Lillehammer vidaregåande skule Ane Birkeland og russepresident Frida Schneider ved NTG er glad for at det blir eit nokonlunde snøfritt russetreff.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

- Var bekymra

- For ein halv veke sidan var det ein og ein halv meter snø på det meste, så det er klart vi var bekymra. Det seier Lars Nes i Olympiaparken i Lillehammer.

Da arrangørane skjønte at naturen ikkje ville bli kvitt snøen på eigenhand, måtte dei rett og slett bruke det dei hadde av maskinar for å bli kvitt dei store snømengdene.

- Her har det gått hjullastarar, lastebilar, trakkemaskiner og til og med ein bulldoser for å få snøen vekk, seier Nes.

Dei bereknar at dei har fjerna omlag 8000 kubikkmeter med snø, noko som tilsvarer omlag 800 lastebillass.

- Eg har aldri sett så mykje snø på denne tida før, men nå gjenstår det berre litt tørking så er plassen klar.

- Takk!

Også russen sjølve var redd for at russetreffet skulle likne meir på eit skirenn enn på ein vårfest.

- Vi var redd at folk måtte gå i ullsokkar og ullgenser. Det er jo ikkje det ein tenker på med russen og russetida, seier russepresident Frida Schneider på Norges Toppidrettsgymnas.

Ho er imponert over at arrangørane har klart å fjerne all snøen som har vore på området..

- Hatten av og all ære til arrangørane for at dei har klart det. Eg tykkjer det er bra dei gjer det for russen.

Ingen snøballkrig

Og sjølv om det fortsatt er att snø i området, er ikkje Lars Nes i Olympiaparken redd for at det heile skal utvikle seg til ein gedigen snøballkrig.

- Vi har jo hatt snø her før, utan at det er har vore noko problem, så det går vel bra i år au, seier Lars Nes.

Fortsatt masse snø på Birkebeineren skistadion

Lars Nes viser at det fortsatt er att mykje snø i området.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK