Hopp til innhold

– Gi pengar til bøndene som produserer mat

Firebarnsmora Eva Merete Lindseth frå Fræna har satsa seks millionar kroner på ein høgteknologisk fjøs. I dag fekk ho besøk av landbruksministeren og nytta høvet til å kritisere tilskotsordningane.

Eva Lindseth

Eva Merete Lindseth har satsa stort som bonde i Fræna. No ber ho landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum om å gi meir pengar til dei som produserer mat.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kaldfjøs

Eva Merete Lindseth har investert seks millionar kroner i dette kaldfjøset.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I oktober stod det nye kaldfjøset til Eva Merete Lindseth i Sylteosen i Fræna klart for å huse 43 mjølkekyr tillegg til alle ungdyra. 34-åringen er yngst av søskenflokken, men har sidan ho var tre år vore fast bestemt på å overta garden. I dag fekk ho storfint besøk av landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.

– No må staten satse på dei som faktisk produserer mat og slutte å tulle med andre ting. Andre gode tilskotsordningar tar frå oss pengane, seier Lindseth. Ho siktar til blant anna ordningar for dei som driv med villsau og økologisk grasproduksjon.

Sparer staten for pengar

I tillegg til produksjon av mjølk og kjøt driv ho også jorda på åtte gardar i Fræna, med totalt 550 mål. Ho fraktar kumøkk og rundballar nesten to mil.

– Vi må få ei anstendig betaling for det vi driv med. Det nærmar seg ei smertegrense for kor mykje meir effektivt vi kan drive og kor mykje fortare vi kan springe, seier bonden.

Sjølv meiner ho at ho sparer staten for pengar med å drive slik ho gjer.

– Vi får eitt tilskot, men driv fire mjølkekvotar, seier Lindseth. Ho tok over garden i 2010 og då starta ho for alvor å planlegge nytt fjøs.

LES OGSÅ:

Glødande interesse

Lindseth har fire barn i alderen tre til 15 år. Det har ikkje berre vore enkelt å vere kvinneleg bonde.

– Når du skal ut i svangerskapspermisjon er det svært vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft, seier Lindseth.

I Fræna har det råda ei positiv stemning bland bøndene og mange har satsa for å drive vidare. Men også her har mange lagt ned gardane sine. Lindseth meiner at den glødande interessa hennar for kyr og landbruk gjer at ho valde ho investere.

Løna må aukast

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) er imponert over den driftige firebarnsmora.

– Det er tøft å sjå. Fjøset er imponerande og er nok eit døme på at unge bønder tør å satse, seier Klinge.

Ho meiner det er viktig å få fram at det må meir pengar til for å ha ei sterk bondenæring, og at løna til bøndene må aukast.

Avhengige av dei som tør

Også Slagsvold Vedum var fascinert over fjøset til firebarnsmora. 30 prosent av norske kyr vert mjølka av ein slik robot som Lindseth har investert i.

– Vi er avhengig av at nokon tør. Det er krevjande med store investeringar, seier Slagsvold Vedum.

Han fryktar at kåra for bøndene skal verte dårlegare dersom det vert regjeringsskifte til hausten.